Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

NOF kritisk til oppslag om havørn i Bladet Vesterålen

Norsk Ornitologisk Forening finn det naudsynt å kome med fleire kritiske merknader til eit oppslag på Bladet Vesterålen si nettside den 18. september i år. Bladet sine utsagn og framstillingar om havørn og vindkraftutvikling oppfyller ikkje krava til kunnskap og ansvar som må leggast til grunn.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 19.09.2007

«Bestanden tåler vindmølledrap – Havørnbestanden har nådd et metningspunkt, og er dermed tallmessig beskyttet fra trusselen en vindmøllepark vil utgjøre. Det mener forsker Karl Otto Jacobsen i Norges institutt for naturforskning.»

Sitatet er frå «Bladet Vesterålen» si nettside den 18. september i år – tilvising sendt over frå Viggo Ree.

For ein organisasjon som har engasjert seg i vindkraftproblematikk kontinuerleg sidan første planar om storskala utbygging på norskekysten vart lansert 1997, er oppslag og ingress å setje problemstillingane på hovudet. For leiar av «Prosjekt Havørn» sidan 1974, no også leiar for Norsk Ornitologisk Forening, fordra oppslaget reaksjon. Først kontakt med Karl Otto Jacobsen, som var uråd å nå før i dag tidleg. Vidare kontakt med andre forskarar innafor NINA med brei erfaring på ørn/rovfugl og vindkraft – Arne Follestad og Jan Ove Gjershaug. Eg hadde ein lenger samtale med journalisten i Bladet Vesterålen, Kristina R. Johnsen. Ho lovde å ha ein oppfølgar av saka med synspunkt frå NOF og Prosjekt Havørn. Det kom ikkje, og ny kontakt i dag gav lovnad om at det skulle kome på i morgon. Endeleg diskuterte eg saka med Ingar Øien og Espen Lie Dahl. Ut frå oppslaget og med bakgrunn i problemstillingane rundt vindkraftverk og fugl, spesielt med tanke på dei artane som har synt seg særleg sårbare for negative effekter av vindkraftverk, eller som krev spesielle omsyn generelt, finn vi det naudsynt å kome med følgjande merknader:

  • 1. Norsk naturforvalting skal ikkje ta utgangspunkt i ei skjønnsmessig vurdering av og prøving/feiling på kvar tolegrensa går for negative effekter av aktuelle naturinngrep og arealbrukskonflikter. Vi skal legge vedtekne, nasjonale miljømål og internasjonale plikter og ansvar til grunn, i samsvar med internasjonale avtalar og konvensjonar. Vi har ei rekkje artar som er freda i medhald av lov og som eit ledd i å oppfylle våre plikter. Dette skal vere forpliktande også i høve til t.d. utvikling av vindkraft.
  • 2. For havørna, som eit symbol på vellukka tiltak, gjorde vi eit valg i september 1968. Frå å vere jaktbar heile året, vart arten, saman med kongeørn, totalfreda. Dette har vore den direkte årsaka til at bestandstrenden i vårt land gjekk frå markert nedgang til auke frå om lag 1975 og til dags dato. Det at arten vart skjerma mot negative, menneskeskapte faktorar, var føresetnaden for at utviklinga av havørnbestanden i dag står som symbol på eitt av dei mest vellukka artsverntiltaka i Norge. Dette må vi vere tindrande klar over, og det er framleis føresetnaden for at bestanden skal kunne vere livskraftig og fungere. Når vi no står over for tiltak som har synt seg å representere negative faktorar for bestanden, i vårt land, i Tyskland og i Sverige, altså der det har vore møte mellom havørn og vindkraftverk, betyr det sjølvsagt ei endring i bestandspåvirkande faktorar. Då er det lite interessant korleis tilstanden er i dag eller har vore gjennom dei siste 30 åra, men korleis han vil bli ved innføring av nye, negative faktorar. Indikasjonane frå Smøla, slik dei har vore i fleire år i Tyskland og etter kvart synest i Sverige, kan bety dobla årleg mortalitet. Dersom reduksjon i ungeproduksjon på Smøla siste åra i tillegg skulle syne seg å vere permanent, vil ikkje havørna vere i stand til å bufre dette. Med beregna mortalitet på 3-5% årleg, vil hekkebestanden av havørn ikkje kunne vere i stand til å møte ei dobling, og slett ikkje dersom også ungeproduksjon går ned og mortalitet hos ungfuglane går opp.
  • 3. Ringmerking og i dei siste åra også satellittmerking, har synt at ein stor del av rekrutteringsgenerasjonane av havørn vandrar nordover i sommarhalvåret. Ungfugl og yngre, ikkje territorielle fuglar frå kysten sør til Vestlandet, trekker regelmessig til Nord-Norge frå påsketider til utpå hausten. Dette har openberrt si årsak i rikelege naturressursar langs kysten i nord i form av fisk, sjøfugl og kadaver av beitedyr i kystfjella. Samstundes veit vi og frå ringmerking at fugl frå den svenske og finske lapplandsbestanden av havørn trekker over fjella og overvintrar på kysten av Nord-Norge. Dei store samlingane av havørner («massive bestandar») t.d. på Andøya er såleis langt frå berre lokale hekkefuglar. Derfor må eventuelle verknader av vindkraftverk vurderast opp mot bestandseffekter langs heile norskekysten og i dei finske og svenske innlandsbestandane.
  • 4. Det er fokusert på den norske raudlista for fugl og at havørn er fjerna frå den nye lista. Då er det avgjerande viktig å vite grunnlaget for det og at den nye raudlista ikkje utan vidare kan jamførast med dei føregåande versjonane. Den nye lista er bygd på fagvurderingar av dei aktuelle artane sine bestandar og bestandsutvikling slik det er i dag og slik det har vore over ei bestemt tidsperiode. Faggruppa for dette arbeidet har presisert at dette berre er det faglege kunnskapsgrunnlaget i høve til eit kriteriesett, og at skal raudlista kunne brukast og ha meining, må dei ulike artane vurderast ut frå vedtekne forvaltingsmål og t.d. internasjonale konvensjonar og ansvar. Då er det viktig å merke seg at t.d. havørna sin status på forpliktande artslister knytt til Bernkonvensjonen, Bonnkonvensjonen, Washingtonkonvensjonen o.l ikkje er endra. Det er desse avtalane og konvensjonane som forpliktar Norge internasjonalt og som må leggast til grunn ved konsekvensvurderingar i høve til forvaltingsmål og i høve til vedtak og godkjenning av planar.
  • 5. Kravet må vidare vere at dei fagmiljøa, institusjonane, konsulentfirma og forskarar som tek på seg oppdrag og som står fram med synspunkt og konklusjonar, syter for å kvalitetssikre sine faglege vurderingar og at dei til ei kvar tid bygger på den kunnskapen som er tilgjengeleg. Særleg viktig er det at dei institusjonane som tek mål av seg til å vere leiande innafor naturfag og miljøforskning, har ein internkommunikasjon som sikrar heilskapstenking og samsvar i dei vurderingar som kjem frå institusjonen i ulike situasjonar som gjeld same tema. I det aktuelle tilfellet frå Vesterålen og Andøya er det vanskeleg å sjå at vurderingane frå NINA Tromsø er i samsvar med ein del av dei vurderingane og konklusjonane som er dregne i NINA Trondheim sin nokså nye rapport frå Smøla. Ikkje minst gjeld det i høve til institusjonen sin argumentasjon for behovet for målretta forskning for å få svar på sentrale spørsmål rundt vindkraftverk og fugl og med særleg fokus på havørn.
  • 6. Endeleg må det vere klart at det er uråd å vurdere einskildplanar og -konsesjonar for vindkraftverk som isolerte tiltak. Særdeles konfliktfylte lokaliseringar kan rett nok ha potensiale i seg til å ha bestandseffekter over store område eller i visse tilfelle totalbestandar av sårbare fugleartar, men med tanke på dei mange innmelde planane og etter kvart konsesjonsgjevne prosjekta, er det sumeffekten som til sist vil vere avgjerande for konsekvensvurderingane. Dette må og vere det klare utgangspunktet for dei som skal ha ansvaret for fagvurderingane som skal ligge til grunn for å kunne vurdere effekten på naturverdiar i høve til miljømål og internasjonalt ansvar.

Norsk Ornitologisk Forening har engasjert seg i vindkraftdiskusjonane med den målsetjing å påvirke til at omsynet til naturverdiar skal ha ein sentral plass og vere avgjerande for kor vidt og eventuelt korleis vindkraft skal utviklast som energiform i Norge. Vi har vore med på å skaffe grunnlagskunnskap for vurdering av verdiar og effekter, men vi vil og ta del både i dei faglege diskusjonane ut frå den kompetanse og kunnskap vi har eller som vi skaffar oss. Sentralt for oss vil vere å sjå til at den utviklinga som skjer og den arealbruk som vert godkjend, er i samsvar med det ansvar vi har for å ta vare på ein levande og fungerande natur, i samsvar med dei miljømål vi har sett oss som nasjon, det ansvar og dei plikter internasjonale avtalar og konvensjonar legg på oss, og det etiske ansvar vi har for at våre etterkomarar skal kunne oppleve og kunne ha eit livsgrunnlag i ein levande natur. Utsagn og framstillingar i Bladet Vesterålen om havørn og vindkraftutvikling, oppfyller ikkje dei krav til kunnskap og ansvar som må leggast til grunn. Den einskilde forskar har eit ansvar for å sjå til at det som vert sagt og slik det vert framstilt, er i samsvar med den kunnskap og dei målsetjingane som må leggast til grunn, men den einskilde avis eller andre medier har og eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at det som vert ført til torgs, ikkje vert plukka ut or sin samanheng og blir framstilt på ein annan måte enn det kjeldene kan gå god for.

Eiksund den 19. september 2007

For NOFs Prosjekt Havørn

Alv Ottar Folkestad
prosjektleiar

Død hunn av havørn
Ei hoørn har møtt rotorblada til ei vindmølle i Smøla vindpark. FOTO: Espen Lie Dahl
Havørn unge
Ringmerking og satellittmerking har synt at ein stor del av rekrutteringsgenerasjonane av havørn vandrar nordover i sommarhalvåret. Denne ungfuglen vaks opp på Smøla sommaren 2005. FOTO: Espen Lie Dahl
Voksen havørn i flukt
Biletet viser ei vaksen havørn. Hovudårsaka til at havørnbestanden i dag er levedyktig, er at han vart totalfreda i 1968. FOTO: Espen Lie Dahl
Havørn inn for landing
Havørna er ikkje lenger å finne på den nye norske raudlista. Arten sin status på forpliktande artslister knytta til Bernkonvensjonen, Bonnkonvensjonen og Washingtonkonvensjonen er likevel ikkje endra. FOTO: Espen Lie Dahl
Logo Prosjekt Havørn
Prosjekt Havørn har eksistert sidan 1974.

Kommentarer til nyheten (4)