Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Feilvurderingar og sakshandsamingsfeil ved Haram vindkraftverk

Haram vindkraftverk i Møre og Romsdal vart omsøkt i 2004 og fekk konsesjon i 2008. NOF har gitt innspel om manglar i konsekvensutgreiingar og omsyn til naturverdiar ved fleire høve, og påpeiker no dette på ny, i samband med ein konsesjonsendring som er oppe til vurdering.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 25.09.2019

NOF ga viktige innspel til faktagrunnlaget om naturfaglege verdiar og for vurdering av konsekvensar i saks- og høyringsprosessen for gjeldande konsesjon. I brev av 18.03.2005 summerte vi det vi meinte var utilstrekkeleg KU, og at KU-programmet ikkje sikra naudsynte vurderingar i høve til vårt lands ansvar og avtalar nasjonalt og internasjonalt så langt det gjeld naturverdiar knytt til fuglelivet. Det vart peika på at viktige verdi- og konsekvensvurderingar i underlagsmaterialet ikkje kom fram, eller vart omtala på ein måte som ikkje var i samsvar med opplysningar og vurderingar gitt i underlagsrapportane. Etter foreininga si oppfatning var utgreiingane ikkje tilstrekkelege for å kunne vurdere miljøkonsekvensane og ta i vare naudsynte miljøomsyn i samband med konsesjonssøknaden. NOF gjekk derfor sterkt imot at det vart gitt konsesjon til eit prosjekt som vi oppfatta å vere i sterk motstrid til nasjonale miljømål og internasjonale plikter.

Konsesjonen er no oppe til ny vurdering, i samband med viktige tekniske og bygningsmessige endringar og forlenga konsesjonsperiode. NOF finn det då sjølvsagt å sjå kritisk på bakgrunnskunnskap, korleis denne vart framstilt og nytta då konsesjon vart gjeven i 2008, og å sjå dette opp mot oppdatert kunnskap om endringar i fakta- og verdigrunnlaget. Vi har også nytta høvet til å kommentere det ansvaret fagstyremaktene har for å rette opp i det vi oppfattar som openberre feilvurderingar og sakshandsamingsfeil gjorde under konsesjonstildelinga i 2008. NOF er av den klare oppfatning at kunnskapsgrunnlag og konsekvensvurderingar for dei vedtaka som er gjorde, med tildeling og vidareføring av konsesjon, og i denne omgang godkjenning av detaljplan og MTA-plan, ikkje tilfredsstiller dei krav som må stillast til kunnskapsgrunnlag og KU-utgreiing for ei utbygging i denne form, og med den nærleik til nasjonale og internasjonale naturverdiar som er stadfesta gjennom vernevedtak. Mellom anna set konsesjonsvedtak, lenging av konsesjonsvedtak og godkjenning av detaljplan og MTA-plan til side verdiar som skulle vere sikra gjennom lovfesta vedtak for vern av norsk natur. Vi er såleis av den klare oppfatning at tidlegare gitt og forlenga konsesjon må takast opp til revurdering med sikte på å bli oppheva.

Toppskarv
Haramsøya vestside er eit freda område som grensar inn til konsesjonsområdet for Haram vindkraftverk langs Liabruna og Hestevollane. Verneføremålet er å ta vare på hekkeplassar for sårbare fugleartar, med hovudvekt på sjøfugl og rovfugl. Utkast til avgrensing av verneområdet var, naturleg nok, å legge reservatgrensa langs øvre fjellkant frå Nova til Stavneset. Då konsesjonssaka for Haram vindkraftverk vart lagt fram, vart grensa mellom reservatframlegg og omsøkt konsesjonsområde diskusjonstema, og framlegget til reservatgrenser blei endra og seinare vedteke til rette liner mellom fastpunkt nede i fjellsida frå sør om Hestevollane til Liabruna og Nova. Reservatgrense vart såleis flytta ut frå fjellkanten i høve til førsteutkast, inntil 70 og 80 m. På det lågaste ligg reservatgrensa på kote 131-132 moh i terrenget, medan fjellkanten ovanfor er på 250 - 270 moh. I fleire område ligg reirplassane for toppskarv (som er hovudart i dag) og vandrefalk utanfor reservatgrensa, utan at det synes å vere bevisstgjort i fredingsvedtaket. Arealavgrensinga av reservatet er derfor langt frå i samsvar med det definerte verneføremålet. NOF oppfattar dette som ein alvorleg sakshandsamingsfeil, tydelegvis forårsaka av forsøk på å unngå formell arealbrukskonflikt mellom verneområde og konsesjonssøkt vindkraftområde, og brot på § 49 i naturmangfaldlova. FOTO: Magne Myklebust