Hopp til hovedinnhold

BirdLife Aust-Agder

Gode diskusjonar på årsmøtet til NOF avd. Aust-Agder

Det var mange gode diskusjonar då NOF avd. Aust-Agder heldt årsmøtet sitt på Hornnes barneskule 30. mars. Vanlegvis er det fort gjort å komme gjennom slikt som skal handsamast på eit årsmøte, men då saker som namn på foreninga og samanslåing med nabofylket kom på bordet, var det mange som hadde mykje på hjartet.

Av Helge Venaas

Publisert 01.04.2019

Styret i NOF avd. Aust-Agder var svært nøgde med å kunne invitere til årsmøte på Hornnes barneskule i Evje og Hornnes kommune laurdag 30. mars. Det var Lars Breistøl i Setesdal lokallag som hadde ordna det praktiske og gjort dette mogeleg.

På møtet blei årsmelding, rekneskap, budsjett og andre obligatoriske øvingar gått gjennom utan dei store innvendingane frå dei 22 oppmøtte. Leiaren blei likevel gjort merksam på at ein medlem i komitéen for jubileumsboka var gløymd i oversikta. Han lova å rette opp feilen.

Årsmeldinga viste mellom anna at tilbodet til medlemane er stort og variert og at dei fleste nok kan finne noko som passar for dei. Ein kunne  òg lese at talet på medlemar aukar jamnt og trutt, og foreninga hadde ved utgangen av 2018 227 medlemar.

Det var inga innvendingar til valkomitéen sitt forslag, så noverande leiar Helge Venaas frå Arendal blei attvald, Leif Fage frå Tvedestrand blei ny styremedlem og Egil Eriksen frå Risør blei ny varamedlem.

Av dei andre årsmøtesakene var det nok arbeidet fram mot ei eventuell samanslåing med NOF avd. Vest-Agder som fekk flest til å gripe ordet. Leiaren innleia om saka og fortalde kva styret hadde gjort for å følge opp eit vedtak frå forrige årsmøte om å ha samtalar med naboane for å diskutere ei eventuell samanslåing. I løpet av våren ønsker dei to styra mellom anna å ha eit felles styremøte for å snakke om saka. Sentralstyret si haldning til saka  blei òg presentert: «Det viktigste for NOF er at foreningen har funksjonelle regionale avdelinger som gjør noe, og er organisert på en måte som motiverer dem selv» (SST 2-2018). Leiaren understreka at det altså er heilt opp til oss sjølve å avgjere saka.

I diskusjonen som følgde blei det ført fram argument både for og mot å slå saman. Nokon meinte at det ville vere vanskeleg å slå saman to avdelingar som er organiserte og arbeider så ulikt, andre peikte på at å slå oss saman ville vere ein styrke i arbeidet med fugle- og naturvern. Leiar i Setesdalen lokallag minte om at mange der nok følte større tilknyting til Kristiansand enn til Arendal. Ordstyraren måtte etter ei stund minne om at styret sitt forslag til vedtak ikkje handla om samanslåing eller ikkje, men om korleis ein skulle arbeide vidare med å greie ut saka, og tidsrammene for arbeidet.  Styret si haldning var at ein ikkje burde forhaste seg.

Etter at strek var sett vedtok årsmøtet følgande (mi omsetjing):

NOF avd. Aust-Agder fortset prosessen med NOF avd. Vest-Agder for å vurdere ei eventuell sammenslåing av fylkeslaga. Ei eventuell sammenslåing må vere grundig behandla i foreninga og blir ikke gjennomført før etter 50-årsjubileet til NOF avd. Aust-Agder i 2021. Ein må opprette eit lokallag for austre Agder før ei sammenslåing av fylkeslaga.

At ein ikkje bør endre på namnestrukturen i NOF, og iallfall ikkje ha eit engelsk namn på foreninga, var det ingen som var ueinige i. Årsmøtet støtta elles opp om sentralstyret sitt ønske om å ikkje vedta endringar i vedtektene til foreninga før om 3-4 år. For å kunne gjere slike endringar treng ein først meir erfaring med dei eksisterande som blei vedtatt så seint som i 2017.

Litt på overtid blei møtet avslutta med pizza og meir prat, men denne gongen om folk og fugl, ikkje minst det vi hadde sett i løpet av dagen.

For meir om årsmøtet må de vente på det offisielle referatet.

årsmøte på hornnes 2019
Olav J. Tveit (t.v.), som var med å starte Setesdal lokallag i 1985; Viggo Åsheim, noverande leiar av Setesdal lokallag; og Jan Helge Kjøstvedt, medlem av LRSK, bokkomité for jubileumsbok, primus motor i vipeprosjekt m.m. og tidlegare leiar av NOF avd. Aust-Agder. FOTO: Inge Selås
Møtedeltakere på fugleskåding
Jan Helge Kjøstvedt, Inge Selås, Egil Eriksen og Arne Myrland fekk mellom anna med seg to kongeørnar før møtet starta. FOTO: Helge Venaas