Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Årets fuglebilete i 2010

I år var det eit artig motiv frå landbruksmiljøet som stakk av med førstepremien. Bildet kan også gje assosiasjonar til steppene i Afrika der oksehakkarane sit tett i tett oppover halsen på ein sjiraff eller på ryggen til ein bøffel på leit etter det neste måltidet.

Av Jon Djupvik

Publisert 09.05.2011

Denne gongen er det Arild Breistøl som står bak meisterverket som kan smykke seg med tittelen det beste fuglebilete i Hordaland.

Kåringa vart også i år arrangert i regi av NOF Bergen lokallag. Krava som vart sett til fotografi som deltok i kåringa var at dei måtte vera tekne i Hordaland i 2010 og at dei måtte innehalde ein eller fleire fuglar, eller delar av ein fugl.

Det vart sendt inn 37 flotte bidrag til kåringa. Av desse bidraga plukka ein jury ut ti finalebilete som vart lagt ut på nettsida Fuglar i Hordaland. Juryen besto av Jan Standal som er leiar i Bekkalokket Fotoklubb og revisor for Norsk Selskap For Fotografi, samt Ragnar Vikøren og Jon Djupvik frå NOF Bergen lokallag.

Dei som besøkte nettsida i tida mellom 15. januar og 1. mars i år fekk æra av å avgjere kva for eit bilete som skulle gå heilt til topps. Til saman vart det avgitt 179 stemmer. Avsløring av vinnarbiletet vart gjort på NOF Bergen lokallag sitt medlemsmøte på Naturhistorisk museum den 12. april. Arild Breistøl sitt fotografi fekk heile 25 % av stemmene og sikra førsteplassen med klar margin. Andreplassen var også ganske klar mens det faktisk vart delt tredjeplass i år.

1. plass: Stær og sau av Arild Breistøl.

2. plass: Brunnakke av Odd J. Lundberg.

3. plass: Gråspurv av Bjarne Andersen og sangsvaner av Odd J. Lundberg.

Takk til Natur og Fritid AS som sponsar førstepremien, til alle som har sendt inn bilete og til alle som har stemt!

Årets fuglebilde i Hordaland

Stær
Årets fuglebilde i Hordaland i 2010: Stær som leter etter noe å spise på hodet til en sau på Fedje i Nordhordland. FOTO: Arild Breistøl
Brunnakke
Dette bildet av en brunnakke hann kan smykke seg med en sølvmedalje etter kåringen av årets fuglebilde i Hordaland 2010. FOTO: Odd J. Lundberg

Kommentér nyheten