Forsiden
Du er her: Forsiden > Organisasjonen > Innkalling til stiftingsmøte for NOF avd. Sogn og Fjordane
  Siste nytt    Om oss    Bli medlem    Tillitsvalgte    Lokallag    Tidsskrift    Kontakt oss    

Innkalling til stiftingsmøte for NOF avd. Sogn og Fjordane

Av Kjetil Mork (19.03.2013)

Interimstyret i NOF avdeling Sogn og Fjordane inviterer til stiftingsmøte for den nye fylkesavdelinga i Sogn og Fjordane. Stiftingsmøtet vil bli halde på Norsk Sjøfuglsenter på Værlandet i Askvoll kommune den 13.-14. april.

Værlandet

Jordene på Melværet er rasteplass for kvitkinngås, her er også bra med piplerker og vadere på trekk. (Opphavsrett: Anders Braanaas) Større bilde

NOF har til no vore utan ei fylkesavdeling i Sogn og Fjordane. Det er difor med stor glede at vi no inviterer til stiftingsmøte for det nye NOF avdeling Sogn og Fjordane. Sjølve stiftingsmøte blir halde laurdag 13. april kl. 15.00. Etter dette blir det fagleg og sosialt program utover ettermiddagen og kvelden. På søndag blir det ekskursjon på Værlandet, Melværet, Bulandet og båttur til Sandøy.

Vi håpar flest mogleg har tid og lyst til å vere med på denne ”historiske” hendinga, og at vi ser mange av dykk på Værlandet den 13. - 14. april! Det er berre å ta kontakt med oss dersom de lurer på noko!

Påmelding helst på e-post til kjetil.mork@yahoo.com, alternativt per telefon (90 52 25 98), innan 29. mars.

Sjå vedlagt program for helga for nærmare informasjon om arrangementet og program for stiftingsmøtet.

kommentarer Kommentér nyheten