Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Gjerdesmetten valgt til fylkesfugl

Gjerdesmetten er valgt til fylkesfugl i Sogn og Fjordane. NOF Sogn og Fjordane gratulerer Gjerdesmetten med tittelen.

Av Anders Braanaas

Publisert 15.07.2013

Gjennom ein engasjert prosess er gjerdesmett valgt som fylkesfugl. På Facebook sida til NOF Sogn og Fjordane vart aktuelle kandidater lansert. NRK Sogn Og Fjordane var med i nominasjonsprosess og val av fylkesfugl.
Det kom inn fleire gode framlegg, og dei nominerte vart tilslutt : 
Gjerdesmett   
Tjeld                    
Steinskvett
Bergirisk
Gråtrost       
Strandsnipe
Ravn               
Ringtrost
Kongeørn       
Stær     

Felles for dei alle er at dei er vakre og karakteristiske representantar for fuglane som finst i Sogn og Fjordane. 
Dei finst stort sett frå fjord til fjell. Nokre overvintrar i Fjordfylket, medan andre reiser like til Afrika om vinteren. 

Gjerdesmetten stakk av med sigeren. 
Gjerdesmetten er liten, men kraftfull. Hardfør med evne til å klare seg sjøl gjennom ein vekslande vestlandsvinter. Om vinteren kan fleire, opptil 15-20 gjerdesmettar legge seg i hop om natta for å holde på varmen.
Gjerdesmetten er tempramentsfull.
Gjerdesmetten har eit namn som høver godta eit fylke med mykje kulturlandskap og grense mellom inn- og utmark. Om vinteren kjem gjerne gjerdesmetten inn til hus og fjøs, er såleis ein fugl som vert lagt merke til sjøl om han ellers er liten og ikkje så mykje å sjå til.

Alt i alt ein svært god vinnar for vårt allsidige Fjordfylke.
NOF Sogn og Fjordane gratulerer Gjerdesmetten med tittelen.