Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

NOF Sogn og Fjordane på Facebook

NOF Sogn og Fjordane er på facebook. Her finn du bilde, aktuelle saker og kommentarer. Meld deg på (liker) og få oppdateringar frå Sogn og Fjordane.

Av Anders Braanaas

Publisert 15.07.2013

NOF Sogn og Fjordane har facebookside som eit av kontaktpunkta til medlemmer og fugleinteresserte i fylket. Vi ser gjerne at mange bruker sida aktivt. Legg inn bilde og skriv kommentarer slik at vi kan holde kvarandre oppdaterte på fuglefronten.

https://www.facebook.com/NOFavdsognogfjordane

Vi veit at det er mange dyktige naturfotografer i Sogn og Fjordane, kanskje de vil dele nokre av blinkskota med oss andre;)  Om du berre er amatør på fotofronten og vil legge ut ein interessant observasjon er det like bra, eller om du har eit bilete av ein fugl du ikkje greier å artsbestemme.

Etter skipingsmøtet på Værlandet i april har mange ytra ønske om å komme tilbake til øygruppa under hausttrekket. Fleire fuglefolk både i og utanfor fylket planlegg ein tur til Værlandet og Bulandet i veke 41, 5-13 oktober. Dette er ei spennande tid, og sist haust vart arter som tartarpiplerke, sibirpiplerke, dvergfluesnapper, gulbrynsanger, polarlomvi og busksanger mm observert.

Vi vil legge tilrette med informasjon om rute og overnatting etter kvart, og håper dette kan bli ei innhaldsrik veke både på fuglefronten og sosialt.

 

Vi er på Facebook
Tjelden er snart på tur sørover. FOTO: Anders Braanaas