Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Vinterfugltur langs Jølstravassdraget.

Laurdag 1/2 - 2014 vert det fugletur langs Jølstra. Vassdraget er ei attraktivt overvintringsområde for mellom anna svaner , ulike ender og fossekall.

Av Anders Braanaas

Publisert 23.01.2014

Denne laurdagen ønsker vi å undersøke kva som er av vassfugl i vassdraget . Spesielt vil vi prøve å få ei oversikt over tal fossekall som overvintrar her. Vi møtes i Førde og deler oss i passande grupper. Fordeler området mellom oss og prøver å dekke representative deler av vassdraget frå Førde til Skei. Av ender som overvintrer i vassdraget er stokkand, kvinand, laksand, toppand og bergand. Fine flokker sangsvane kan ein og sjå i Bergavatnet og Movatnet. Vi ønskjer både medlemmer og andre fugleinteresserte velkommen. Vel møtt til ein hyggjeleg fugledag. Oppmøte ved Esso- stasjonen i Førde kl 10:00 For meir informasjon ta gjerne kontakt: Anders Braanaas 40103521
Sangsvane
Sangsvane overvitntrar i ope vatn i Bergavatnet og Movatnet. FOTO: Anders Braanaas