Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

ÅRSMØTE OG FUGLEHELG

NOF Sogn og Fjordane inviterer til Årsmøte og Fuglehelg i Leikanger (Sogn). Det er lagt opp til variert program over to dagar. Hovudatraksjon er uglekåseri med Roar Solheim, kjent frå mellom anna spalta "Spør ein ornitolog" i Fuglevennen.

Av Anders Braanaas

Publisert 15.03.2014

 

NORSK ORNITOLOGISK FOREINING FYLKESLAG SOGN OG FJORDANE 

INVITASJON TIL
ÅRSMØTEHELG med aktivitetar 5-6 april, Leikanger i Sogn, Firdasalen i Fylkeshuset.
PROGRAM
Laurdag 5.
11:00 - 12:00 Oppmøte på Fylkeshuset
12:00 Lokal tur (Alternativ er Bjørgahaug, Fatlaberget, Turvegen på Slinde)
15:00 Årsmøte (for medlemer)
17:00 Kåseri om ugler ved Roar Solheim
18:30 Status for sjøfuglane i fylket ved Tore Larsen
20:00 Festmiddag på Henjatunet
Søndag 6.
09:00 - 15:00 Tur frå Hella og oppover mot garden Rud og Rudsstølen. Vi går frå fjord, via ulike skogsbiotopar og til stølsvoll. Vi møtes på Nokkaneset ved hotellet.
Vi vil også få plass til orienteringar om Artsobservasjonar og LRSK, den lokale sjeldenheitskomiteen mellom dei andre postene i programmet.
________________________________________________________________________
Turar og seminar er opne for alle, medlemer og ikkje-medlemer ________________________________________________________________________
OVERNATTING.
Sognefjord Hotel ligg 3 minutts gange frå Fylkeshuset der vi skal halde til. Dette er difor det beste alternativet. 
Kvar og ein syter for overnatting sjøv ved å kontakte hotellet, eller på annan måte. Om de vil det er det moglegheit for å smøre seg matpakke ved frukost søndag. Gje beskjed til hotellet ved bestilling.
MIDDAG.
Henjatunet. Henjatunet er eit klyngetun litt ovanfor sentrum av Leikanger. Ein av gardane har spesialisert seg på turisme og servering, og serverer mat basert på lokale råvarer. Vi har avtalt 3 rettars middag frå klokka 20:00 laurdags kvelden. Felles transport / felles gåtur opp.
PÅMELDING
Vi treng påmelding for å vite kor mykje mat vi skal bestille til lunsj (catering) , og slik at Henjatunet veit kor mange dei skal lage mat til. Meld dykk difor på og gje beskjed om de ønskjer / ikkje ønskjer lunsj eller middag, til Torbjørn Hasund  tlf: +47 57656273 | mob: +47 93004685 epost: torbjorn.hasund@sfj.no innan  1/4 - 2014
Eller Anders Braanaas Mob: +47 40103521 epost: anders.braanaas@me.com
Vel møtt til fuglehelg og Årsmøte i Leikanger.
Med helsing
Styret i NOF Sogn og Fjordane

 

 

 

Innkalling
Opprop FOTO: Geir Olsen, Værlandet