Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Konkurranse

Artsobservasjonar er viktig for å dokumentere mangfaldet i naturen. Med mange observatører i kvar krik og krok av landet vert det etterkvart ein formidabel base for naturkunnskap. NOF Sogn og Fjordane ønsker å få fleire til å registere på Artsobservasjoner i Fjordfylket.

Av Anders Braanaas

Publisert 20.08.2014

Helga den 30. - 31. august arrangerer NOF avd. Sogn og Fjordane ein liten "konkurranse" for å auke interessa rundt Artsobservasjoner (http://www.artsobservasjoner.no/). Vi oppfordrar alle medlemmane våre til å kome seg ut i skog og mark og registrere fuglelivet desse to dagane, og deretter legge ut alle observasjonane på Artsobservasjoner. For kvar observasjon du registrerer på Artsobservasjoner får du tildelt eitt lodd. Desto fleire observasjonar som vert registrert, desto fleire lodd og desto større vinnarsjanse. Deretter blir det trekning av ein vinnar som får eit gåvekort på 1000,- hos Natur og Fritid (http://www.naturogfritid.no/) samt eitt eksemplar av den flotte VinterAtlas-boka (http://www.birdlife.no/fuglekunnskap/prosjekter/vinteratlas.php). Dersom du er usikker på korleis du får oppretta ny brukar og registrerer observasjonar på Artsobservasjoner, er det berre å ta kontakt med nokon i styret for rettleiing. For å bli med i trekninga må observasjonane som du gjer denne helga vere registrert i Artsobservasjoner innan 7. september. Vi håpar at flest mogleg blir med på "konkurransen" og at vi får inn mange observasjonar både denne helga og ellers i månadane og åra som kjem! God tur og lukke til med fuglekikkinga og innrapporteringa!
Sildemåke på Bulandet
Sildemåke på Bulandet FOTO: Anders Braanaas