Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Årets Fuglehelg på Værlandet og Bulandet

Det nærmer seg haustferie og NOF Sogn og Fjordane sin årlege fugletur til øyane vest i havet.

Av Anders Braanaas

Publisert 21.09.2014

Årets happening på fuglefronten går føre seg på Værlandet og Bulandet helga 4-5. Oktober. Hausttrekket på øyane ytterst mot storhavet er noke for seg sjøl og må opplevast. For tida passerer tusenvis av fugl kvar dag langs kysten. Frå vadertrekket starter midt i juli til kvitkinngåsa tek siste stopp mot overvintringsplassane i Skottland i første del av oktober er det fullt trykk. Særleg spennande for mange er trekket av spurvefugl frå nordlige og austlege område. Frå midt i september til midt i oktober kan ein håpe å sjå arter som gulbrynsongar, fuglekongesongar, austsongar, sibirpiplerke, tundrapiplerke, sitronerle, rosenstær, blåstjert, dvergsporv , hauksongar, dvergflogesnappar og andre spennande arter. I haustferieveka i fjor vart ikkje mindre enn 116 ulike arter observert på Værlandet og Bulandet. Totalt er no over 200 arter observert på Værlandet, Melværet og Bulandet. Så her burde vere noke for einkvar ornitolog, og enno mykje uoppdaga! For fuglefolk i Sogn og Fjordane er samlinga også eit viktig møtepunkt. Det har etterkvart vorte ein tradisjon for ein del fuglefolk frå ulike stader i landet å samlast i øyane i haustferien. Vi i NOF Sogn og Fjordane satser på å gjere denne haustturen til Værlandet til eit årleg høgdepunkt. Så her er det berre å hive seg med. Det er fleire overnattingsstedader i øyane, for denne turen satser vi på base og overnatting på Værlandet Gjesteheim, ein må sjøl tinge overnatting på tlf 95778071. Mat kan ein lage seg sjøl på Værlandet Gjesteheim, og det er to daglegvarebutikkar på staden. Middag kan ein få på Værlandet Gjesteheim mellom 18 og 19 laurdagen. Alle rettigheter.:) Været vil bestemme litt opplegget for helga, vi satser på ein tur til Sandøy, den ytterste øya i Bulandet ein av dagane, her går fleksibel rutebåt, med pris 90 kr t/r. Ellers er mange fine lokaliteter på alle øyane og fugl i busk og kratt over det meste av området. Ta gjerne kontakt med Anders Braanaas 40103521 for spørsmål og meir info.
Fuglekongar i kvar ein busk
Det kryr av fuglekongar langs kysten denne hausten. FOTO: Anders Braanaas
Dvergsporv
Dvergsporv er ein av artene ein kan håpe å sjå i fuglehelga 4-5.oktober. FOTO: Anders Braanaas