Forsiden
Du er her: Forsiden > Organisasjonen > Storspove i Sogn og Fjordane 2019
  Siste nytt    Om oss    Bli medlem    Tillitsvalgte    Lokallag    Kalender    Tidsskrift    Kontakt oss    

Storspove i Sogn og Fjordane 2019

Av Anders Braanaas (04.04.2019)

Storspovene kjem for fullt til landet i løpet av dei neste vekene. Når fuglen i år er valgt til årets fugl tyder det at vi må gjere ein ekstra innsats i rapportering slik at kartlegginga vert så god som mogeleg.

Forekomst av storspove

Kartet er henta frå Artsobservasjoner og syner observasjoner av storspove i månadene mai og juni dei 5 siste åra. Det er lagt inn få hekkeopplysningar på funna, og det er bra om vi gjer ein insats på det i år. (Opphavsrett: Artsobservasjoner) Større bilde

Storspove på trekk

Storspover (og ei lappspove) på trekk i Bulandet april 2018 (Opphavsrett: Anders Braanaas) Større bilde

Storspove er i likhet med vipe i sterk tilbakegang. Og det er ein del likskap mellom dei to artene i val av leveområde og hekkeplass. Begge er i knytta til åpne landskap og dyrka mark. Mens vipene har en hang til fuktige områder og gjerne favoriserer våtmarker og kulturlandskap med våte partier  er storspovene gjerne litt mer fleksible og kan hekke i tørrere habitat, men kyllingane treng likevel fuktigare parti for å finne den føda dei treng.

 I samband med at storspove er årets fugl i 2019 er kartlegging av storspove eit viktig tiltak der alle fugleinteresserte kan gjere ein innsats. 

Ved rapportering i artsobservasjoner er det viktig å registrere funn med tal individ og rett lokalitet. Verdien av rapportering er større om fleire opplysningar er med. Ein bør difor legge inn om det er par i hekkelokalitet, sang og spill, reir, unger mm Det går også å kommentere og legge inn detaljer om habitat/leveområde. På denne måten blir mykje kunnskap samla gjennom rapporteringa.

Storspove er ein av relativt få arter som liker seg i kystlyngheia . I området Værlandet Melvær Bulandet hekka i 2018 omlag 10 par med storspove. Så godt som alle hekka i kystlynghei eller i gamal naturbeitemark. Berre i Melvær var eit til to par nært knytta til meir intensivt dyrka mark. Heile området er åpent landskap , så spovene er såleis ikkje avhengig av intensivt brukte areal for å finne åpne hekkeområde. Mange andre plasser i fylket  er gjengroinga så omfattande at det berre er dei mest aktiv brukte jordbruksareala som er opne, det snevrar inn storspove sine sjangser for å finne høveleg hekkeområde.

Eit anna interessant observasjon her ute er at storspovene favoriserer nyleg brente areal i lyngheia som hekkeområde. Det virker som uskjøtta lynghei som kjem i ein forvokst og gjengroande fase er mindre interessant for storspovene. 

Storspovene i Sogn og Fjordane hekker frå kysten og heilt inn i fjorddalane. Fluktspelet til storspova er kraftig og karakteristisk. Vår oppfordring går til fuglevenner om å lære seg storspova å kjenne og bruke 2019 aktivt til storspoverapportering!