Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Sunnhordland lokallag til Stord

Søndag 11.05.2025 arrangerte BirdLife Sunnhordland tur i området frå Gruvene på Litlabø (Stord) og vidare til Rødkleiv, Dale og så attende til Litlabø. Fire personar var med på turen i dette flotte området.

Av Tor Helge Heggland

Publisert 24.05.2025

Turen starta kl. 09:00 og varte til ca. kl. 12:20. Det var sol og fint vêr, så me hadde store forventningar til artsmangfaldet og håpa på at mange ornitologiske godbitar ville la seg høyra og sjå denne dagen. 

Turen gjekk gjennom variert og flott natur med både barskog, lauvskog og noko blandingsskog. Me hadde òg ein matpause inne i skogen. 

I tillegg til å sjå/høyra etter fuglar, såg me òg etter både blomar og sommarfuglar. Dette fordi det òg var av interesse for nokre av deltakarane. 

Totalt sett blei det ikkje dei heilt store sjeldanheitene, men nokre artar blei det jo. Dei mest spesielle fugleartane var nok vintererle og dvergspett. Truleg var munk den fuglen me gjorde flest observasjonar av. Lauvsongar var det òg mykje av. Når det gjeld plantar, er berre éin sjeldan art teken med. Viser elles til artslista. 

Alle var samde om at dette var eit område som dei fekk lyst til å utforska meir, og oppfordra andre til å ta ein tur i. I tillegg til rundturen som vart gått, er det òg mange andre vegar ein kan gå. 

 

Artsliste fuglar: 

1. Bokfink 

2. Dompap 

3. Dvergspett 

4. Gjerdesmett 

5. Gransongar 

6. Grønsisik 

7. Kjøttmeis 

8. Kråke 

9. Lauvsongar 

10. Munk 

11. Måltrost 

12. Raudstrupe 

13. Spettmeis 

14. Svartmeis 

15. Svarttrost 

16. Vintererle 

 

Artsliste sommarfuglar:

1. Aurorasommarfugl 

2. Bergringvenge 

3. Grønstjertvenge 

4. Rapssommarfugl 

5. Vårblåvenge 

6. Sitronsommarfugl 

 

Artsliste plantar: (Berre ein sjeldan art teken med)

1. Tannrot