Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Fuglesongtur til Halsnøy i nydeleg førsommarvêr

I samband med «Den store artsjakten» 7. juni arrangerte BirdLife Sunnhordland tur til Halsnøy i Kvinnherad. Trass i at vêrgudane var i godlage og serverte oss perfekte forhold for fuglekiking, møtte det berre opp to personar til turen.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 08.06.2025

Turen gjekk frå Verdens ende, i nærleiken av Halsnøy kloster, og ei rundløype gjennom barskog ut til Ungholm og attende til Verdens ende. Sjølv om 7. juni er litt på tampen av sesongen for fuglesong, var det fleire artar som song ivrig, mellom anna munk, måltrast og fuglekonge. Me hadde ein rast ute ved Ungholm og fekk kryssa av fleire sjøfuglartar, mellom anna tjeld og ulike måseartar. Det var likevel ikkje før me hadde gått eit lite stykke vidare derifrå at me kunne konstatera at det også var makrellterne i området, då me høyrde lyden av eit par av dei i retning Ungholm. Dette var ein litt uventa, men gledeleg observasjon!

Sidan vêret var så fint, valde me å ta ein ny tur i nærområdet. Denne gongen gjekk me frå Halsnøy kloster, langs Sandsletta og ut til Skarvsteinen. Her fekk me oppleva området frå si beste side, med nydeleg utsikt utover ein speglblank Klosterfjord. I tillegg fekk me leggja til nokre nye artar på lista for dagen.

Det vart ingen store overraskingar på artslista, men seks meiseartar, to–tre makrellterner og ein stillits er likevel ikkje så verst. Totalt sett registrerte me 40 fugleartar på turen.

 

Utsyn over Klosterfjorden
Utsyn over Klosterfjorden. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Tornsongar
Det hekka fleire par med tornsongar i området. Her er ein som truleg hadde reir like ved stien me gjekk. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Makrellterne
Denne makrellterna tok seg eit sveip ut mot Ungholm. Me såg ho aldri stupdykka, så det var nok lite mat å finna i sjøen. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Grønsisik
Denne grønsisiken sat fint i ro for fotografen. FOTO: ©Espen Bore Hollund
Ikorn
Då me kom til Skarvsteinen såg me fleire ikorn i ulike aldrar. FOTO: ©Espen Bore Hollund