BirdLife Hordaland
Ettermiddagstur med BirdLife Sunnhordland i Kvinnherad
Tysdag 19. august arrangerte BirdLife Sunnhordland til fuglekiking i Kvinnherad. Fem deltakar rusla innover stien i sol og litt vind. Kanskje ikkje det aller beste veret for å lytte og sjå etter fugl.
Av Sigve Solheim
Publisert 20.08.2025
Turen starta ved nordenden av Erslandsvatnet. Her er blandingsskog med bar- og lauvskog. I tillegg er her nokre fine myrar med rolege bekkelaup.
Me fann og registrerte i alt ti ulike artar. Mellom anna svartkvit flogesnappar ho, toppmeis og spettmeis for å nemne nokre. Me høyrde òg ein varslingslyd frå ein større fugl utan at nokon av oss var sikre på fugl det var.
Ute på myra fann me også tre ulike sommarfuglar: sitronsommarfugl, aglajaperlemorvinge og dagpåfugløye, alle på blåknapp.
God prat og deling av opplevingar undervegs gjorde at turen vart triveleg på alle vis.


