BirdLife Hordaland
Historisk vedtak om raudlista fuglar
Kvinnherad er ein kommune med herleg og variert natur og (enno) eit rikt naturmangfald. Kanskje er kommunen særleg kjend som ein framifrå hjortekommune. I tillegg har me lang kystline med fine strender, holmar og skjer, rike skogområde og ein fantastisk fjellheim. No viser også kommunestyret gode takter for bevaring av raudlista fugleartar.
Av Sigve Solheim
Publisert 21.08.2025
Dei siste åra er det likevel ein annan art enn hjorten som har auka mykje – grågåsa. Saman med kanadagåsa har ho auka så kraftig i tal at kommunen har fått utarbeidd ein eigen forvaltningsplan for desse fuglane. Årsaka var at grågåsa hadde byrja bli ei beiteutfordring for mange av dei lokale bøndene.
Planen, som gjeld for åra 2025–2029, er utarbeidd av NNI Resources AS i samarbeid med kommunen og grunneigarar rundt om i Kvinnherad.
Då planen var ute på høyring, kom det inn to uttalar: éin frå Statsforvaltaren i Vestland og éin felles frå BirdLife Sunnhordland og Naturvernforbundet i Kvinnherad. Vår uttale hadde denne avsluttinga:
«Generelt vil me gje uttrykk for at det er positivt at kommunen har byrja ta fuglane på alvor. Men det må ikkje bli slik at planar for naturen berre vert laga når enkelte meiner det er for mange individ av ein art. Det motsette er etter vår meining eit større problem. Kva tenkjer kommunen til dømes om alle fuglane i Kvinnherad som er raudlista – dei som nesten er borte frå kommunen? Vipe, heilo, raudstilk, makrellterne og fleire måseartar, for å nemna nokre. I tillegg har me mange andre artar som før var talrike i kommunen, men som no er sjeldne å sjå. Særleg slit hønsefuglane: lirype, orrfugl og tiur har rekordlåge bestandar og er eit mykje sjeldnare syn enn for berre 20 år sidan. Burde ikkje også desse artane få sin eigen forvaltningsplan?»
Tilleggspunkt
Planen var oppe til røysting i kommunestyret torsdag 16. juni 2025. Etter møtet kunne fugleinteresserte og naturvernarar gle seg over meldinga om at slutten av vår høyringsuttale var teken til følgje. I vedtaket var det kome eit tilleggspunkt:
«Raudlista fugleartar som vipe, heilo, raudstilk, makrellterne, måseartar, lirype, orrfugl, tiur og andre raudlista fuglearter skal få ein eigen forvaltningsplan i Kvinnherad kommune for å kunne bevara desse artane og områda der dei ferdast».
Ifølgje Statsforvaltaren i Vestland er det ingen andre kommunar i fylket som har laga eigen plan for raudlista fugleartar. Nokre kommunar har eller lagar kommunedelplan for naturmangfald, der temaet kan koma inn, men slike planar går sjeldan i detalj på artsnivå.
Difor er dette på fleire måtar ei historisk avgjerd av politikarane i Kvinnherad.
Me sender ei stor takk til kommunestyret som tek fuglane våre på alvor – og ser med spaning fram til fortsetjinga!
