BirdLife Hordaland
Ettermiddagstur i Sævarhagsvika med BirdLife Sunnhordland
Ni personar møtte opp ved parkeringsplassen i Sævarhagsvika på Stord då BirdLife Sunnhordland arrangerte ettermiddagstur måndag 25. august. Denne lokaliteten er kanskje den mest besøkte fuglelokaliteten i heile kommunen, og då snakkar me både om fugleartar og fuglekikarar. Ifølgje artsobservasjoner.no er det observert 145 artar her.
Av Espen Bore Hollund
Publisert 26.08.2025
Etter ein periode med kalde gufs frå nord, løya vinden mykje i laupet av det siste døgeret før me møttest, og ettermiddagssola stilte opp med lys og varme, akkurat som bestilt. Tidspunktet for turen var lagt rundt lågvatn, med mål om å få med flest mogleg vadarar på dei næringsrike mudderbankane me finn i Sævarhagsvika. I tillegg er det alltid ein del småfugl og måseartar i området.
Me byrja med å observera frå vegen som går attmed vika, og fekk raskt kryssa av mellom anna hettemåse, strandsnipe og storspove – ein OK start. Men, det var generelt lite liv å spora og både myrsnipa og sandloen glimra med fråværet sitt. Med Hovaneset i kikkerten traska me ned mot grasengene i botnen av Sævarhagsvika og bort til bygget som er plassert heilt nede i stranda. På vegen flaksa det små flokkar av grøn- og gråsisik rundt oss og både dompap og trekrypar avslørte seg med lokkelydar. Ved bygget hadde me godt utsyn mot den inste delen av vika og fekk mellom anna sett strandsnipene og linerlene betre. Diverre kunne me òg konstatera at det heldt til både mink og katt i området.
Det vart brukt god tid til å gå ut mot Hovaneset, og det tikka jamt inn nye artar på lista, der kanskje det kjekkaste var ein blandingsflokk med brushane og heilo som flaug ein runde over oss før dei svinga seg ut av vika att og mot nord. Sjølv om tilhøva tilsynelatande låg godt til rette for mange vadarar måtte me leggja oss litt i selen før me til slutt enda opp med skarve sju vadarartar med totalt 20 individ på lista. Av desse var det nok tre enkeltbekkasinar me fann på returen som skapte størst engasjement blant dei frammøtte. For fleire var dette første gong dei fekk sjå enkeltbekkasin på anna vis enn oppskremt eller spelande fugl, og å sjå dei på næringssøk vekte glede som bobla ut i form av godlydar or snakketøyet.
Praten flaut godt og det var ikkje mangel på fugletrivia. Visste du til dømes at enkeltbekkasinen har 14 stjertfjør, medan kvartbekkasinen berre har 12? Sjølv om det ikkje er langt å gå ut til Hovaneset og tilbake, brukte me om lag 2,5 timar før me var attende til bilane, då med 39 fugleartar på lista.
Heile artslista finn du HER.



