BirdLife Hordaland
Fuglar i grenseland
Det ligg latent i alle fugleinteresserte, ikkje minst i oss vestlendingar, eit sterkt ønske om å få oppleve sjeldne austlege fugleartar om hausten. På vårt februarmøte inviterte vi difor austlendingen Jonas Langbråten, no rett nok busett på Lista, for å gje oss smakebitar på slike spennande artar. Han har sett saman eit interessant og velkomponert foredrag der han presenterer fugl frå tre grenseområde mot aust: Finnskogen, Pasvik og Ural, men der han også sveipar innom sjeldne artar han har sett heilt vest, t.d. på Utsira.
Av Anders Heien
Publisert 11.02.2026
Jonas er vaksen opp i Kongsvinger og har lang erfaring med fugl i dei store skogane i grenseområdet mot Sverige. Her finst bl.a. dei store uglene me ikkje får oppleve her vest, og det var her fugleinteressa hans blei vekka. Det er også her han driv med ringmerking så ofte han har høve til det.
I dei seinare åra har han og vore ein av dei faste ringmerkarane ved Nyrud, i Pasvik, ved grensa til Russland, i august og september. På andre sida av elva, i Russland, driv dei og med ringmerking, fortalde han, og det hender ofte dei får russiskmerka fuglar i netta, og sikkert vice versa. Men det er ikkje lov med nokon kontakt over grensa. Det er likevel godt å vite at det også foregår fredelege sysler i det høgspente nord. Ein art vi blei betre kjent med som dei kan fange her, er viersporven, ein utruleg flott liten fugl!
I 2016 og 2017 arrangerte NOF Travel to turar til Ural. I retrospektiv blir nok desse turane ståande som ganske eksklusive opplevingar for dei heldige som melde seg på og fekk oppleve dei "endelause" taigaskogane og fjella på den vestpalearktiske austgrensa. Her er det mange målartar for dei som søker austlege artar! Jonas var med i 2016. Etter ei dryg reise på dårlege vegar og skrøpelege bruer, og dagar med mykje regn, fekk han (og vi:)) oppleve den eksklusive rubinstrupen. Her er hekkeområdet for gulltrost, ein annan draumeart, som høyres godt men som sjeldan viser seg. Jonas viste oss eit ungt eksemplar av arten. Vi fekk også sjå bilete av sibirgransongar, sibirpiplerke, asiasvartstrupe, tartar- lapp- aust- og gulbrynsongar, blåstjert m.fl. Frå låglandet ved Ekaterinburg fekk vi presentert dei fantastisk vakre artane langhalefink og asurmeis.
Og apropos asurmeis, sidan nokre av dei austlege artane kan dukke opp her heilt vest, fekk vi også "gjensyn" med nokre artar frå Utsira, ei øy Jonas besøker ofte seinhaustes. Og sjølvsagt, som eit døme på at "aust kan møte vest," avslutta Jonas foredraget med asurmeisa frå Ørlandet no i januar.


