BirdLife Hordaland
Statsforvaltaren opphevar utbyggingsplanen for Busthorn
I samarbeid med BirdLife Sunnhordland klaga Forum for natur og friluftsliv (FNF) Hordaland i juni 2025 på Bømlo kommune si godkjenning av reguleringsplanen for Busthorn Hollund. No har Statsforvaltaren i Vestland bestemt seg for å oppheva kommunen sitt vedtak frå 28. april. Dette er ein stor siger for naturmangfaldet og dei truga fugleartane i området!
Av Espen Bore Hollund
Publisert 25.02.2026
Ein plan utan lovleg utgreiing
Saka gjeld eit planområde på totalt 290 dekar, der minst 280 dekar er urørt natur. Bømlo kommune vedtok planen trass i at det mangla eit lovkravd planprogram og ei oppdatert konsekvensutgreiing. Sidan reguleringsplanen opnar for næringsbygg med eit bruksareal på over 15 000 kvadratmeter, er det eit absolutt lovkrav at det skal gjennomførast ei full konsekvensutgreiing.
Fordi dette kravet ikkje er fylgt, slår Statsforvaltaren fast at kunnskapsgrunnlaget er mangelfullt og delvis ukorrekt, og at heile planvedtaket dermed er ugyldig.
Ein fristad for truga artar
Gjennom klagearbeidet har BirdLife Sunnhordland og FNF dokumentert at området hyser ein stor rikdom av fugleliv og truga naturtypar som myr og kystlynghei, der sistnemnde er sterkt trua.
I vedtaket frå Statsforvaltaren blir det trekt fram at det er registrert ei lang rekkje raudlista fugleartar i planområdet, mellom anna svartstrupe, storspove, hønsehauk og sandsvale. Særleg viktig er ein koloni på 10–20 hekkande fiskemåsepar. Dette er uvanleg og verneverdig i Vestland fylke.
Statsforvaltaren rettar òg sterk kritikk mot kommunen sine naturvurderingar:
- Feil om fugl: Kommunen har påstått at fiskemåsen er «fleksibel og tilpassingsdyktig» og berre kan flytta seg til andre område. Statsforvaltaren avviser dette som spekulasjonar utan grunnlag.
- Manglande metodikk: Naturtypar er ikkje kartlagde etter anerkjent metodikk.
- Gløymde utslepp: Planen legg opp til nedbygging av djup myr, men klimagassutsleppa frå dette er ikkje kvantifiserte.
Kva skjer no?
Statsforvaltaren konkluderer med at det er ein reell moglegheit for at kommunestyret ville teke ei heilt anna avgjerd dersom dei faktisk hadde hatt rett kunnskap om naturverdiane.
Dersom tiltakshavar og kommunen framleis ønskjer å byggja ut på Busthorn, må dei no starta ein heilt ny planprosess heilt frå botnen av. Dette inneber at det må lagast eit eige planprogram og ei full konsekvensutgreiing, der fuglane, kystlyngheia og klimagassutsleppa frå myr blir grundig utgreidde.
Dette vedtaket viser at det nyttar å kjempa for naturen, og at lovverket skal takast på alvor!
Heile vedtaket til Statsforvaltaren kan du lesa HER.
