BirdLife Hordaland
Tur til Kvinnherad med kvite fuglar og nye fjes
På sjølvaste kvinnedagen, 8. mars, samla ein liten, men entusiastisk gjeng på fem personar seg til fuglekikkartur i Kvinnherad. Oppmøtet var ved ferjekaien på Ranavik, der me gjorde oss klare for ein dag i felt. Det passa særleg godt på denne merkedagen at dei to lokalkjende deltakarane frå Kvinnherad var kvinner. For dei tre «veteranane» i følgjet var desse heilt nye fjes, og det er alltid stor stas når nye og yngre fugleinteresserte slår seg med i laget!
Av Espen Bore Hollund
Publisert 08.03.2026
Starten på dagen baud på gode tilhøve. På første stopp i Sandvika var det vindstille og relativt god sikt utover sjøen. Her fekk me kjapt auga på nokre av dei flottaste sjøfuglane våre; både havelle, sjøorre og svartand vart kryssa av på blokka, rett nok på litt drygt hald. I det fjerne dukka det i tillegg opp ein oter og nokre niser, noko som alltid er eit triveleg skode. Det var òg medan me stod her i Sandvika at me fekk sjå ein flokk på over 30 viper som svinsa seg forbi i lufta ved Sætersneset – eit praktfullt og gledeleg syn!
Turen gjekk vidare til Eidsvika, der dagens ornitologiske nøtt venta på å bli knekt. Ein heilt lys måse skapte først hovudbry, og ei stund spekulerte me i om me hadde oppdaga ein polarmåse.Fuglen flytta seg over til Larsstøvik, så me freista lukka og køyrde rundt for å få han på betre observasjonsavstand. Då me fekk studert krabaten skikkeleg, kunne me etter litt rådslaging slå fast at det dreidde seg om ein leukistisk gråmåse som har halde seg i Sunnhordlandsbassenget i lengre tid. Leukisme er eit fargeavvik der pigment manglar heilt eller delvis i fjørdrakta, noko som gjev fuglen ein uvanleg lys og av og til nesten heilt kvit utsjånad. Eit anna kvitt innslag som skapte litt diskurs i gruppa var ei kritkvit tamand som stolt synte fram dei lyse stjertkrøllene sine frafor dei lokale stokkendene.
Etter kvart som me flytta oss vidare, tok vêret til å skifta og gjekk til slutt over i regn. Trass i regnet var det ein del fuglar å sjå langs vegane på Halsnøy. Me observerte mellom anna to separate flokkar med kaie, ein art som ikkje akkurat blir rapportert dagleg i Kvinnherad. Ein god del stare farta òg rundt og leitte etter mat på fleire kantar av Halsnøy. Ferda gjekk vidare gjennom Sæbøvik, Toftevågen og Høylandsbygda før me køyrde gjennom tunellen og stoppa ved Opsangervatnet. Her var det mykje liv med måsar i store tal, nokre toppender og fleire songsvaner. Turen nærma seg slutten med ein sjekk ved golfbanen, men her var det heilt fugletomt.
Det rasta grågjæser på mange av innmarkene me passerte i laupet av dagen, og langs sjøen låg det kvinand og siland på dei fleste stoppestadane, pluss nokre ærfuglar hist og her. Eit par andre gjengangarar var knoppsvaner og kråker som me såg fleire stader gjennom dagen. Kjøtmeisa lét seg ikkje stoppa av vêret, og song ivrig fleire stader.
På veg attende mot ferja la me merke til eit uvanleg mørkt individ i ein større kråkeflokk. Sidan fuglen ikkje var beksvart, konkluderte me med at her måtte det vera både kråke- og svartkråkegener med i biletet. Som ein ekstra bonus på attendevegen høyrde me ei vassrikse som sat og lokka i Sæbøvik – den aller siste arten på lista.
Alt i alt vart det ein flott dag i felt med både nye og gamle kjenningar. Sjølv om regnet kom snikande, gav synet av viper, tjeld og syngjande småfuglar god von om at me no går mot lysare tider. Totalt noterte me oss 30 artar. Heile artslista kan du sjå ved å trykkja HER.



