BirdLife Hordaland
Arboretets dag 7. juni 2026
Også i år stilte Bergen lokallag med stand på Arboretets dag på Milde. Det er vår markering av «Fuglenes dag».
Av Anders Heien
Publisert 08.06.2026
Med kun to dagars finversluke i eit vedvarande gråvær denne våren, var me i år svært heldige med at arrangementet var lagt til søndag den 7.6. Og bergensarane forsto å nytte sjansen, eit rekordstort tal med familiar med små og litt større ungar tok turen ut blant bugnande rhododendron og blomsterenger bada i sol. Me fekk visstnok den andre sommardagen i år med over 20 grader.
Me gjekk ganske tidleg tomme for fuglekassar, som var premien etter å ha løyst årets kviss, der borna, med kanskje litt hjelp frå dei vaksne, skulle plukke ut bilete av fuglar som er nemnde i kjente og litt meir ukjente songer. Det er alltid kjekt å sjå iveren til born som tok seg tid nok til å løyse oppgåvene, også med litt hjelp fra brosjyren «Fugler i 100» Det er ein utmerka brosjyre for å skape interesse for fugl. Og den fekk mange med seg heim. Me hadde kopiert opp 100 eksemplar av kvissen, men det var for lite. Så i framtida bør me ha 150 viss veret er fint.
Det er ingen dag me når ut til så mange med litt fuglekunnskap, og interessa for fugl er heldigvis framleis stor blant små og store. I eit så "sjokkerande" finver denne dagen sat smila laust, og det var bare blide fjes rundt boden på vår faste plass i bakken ved Grøneviksmyra
Den store folkestimlinga kom når Ole Edvard kom ned frå nettet lenger oppe i skogbrynet med posar med fugl. Rett nok blir det aldri mange å ringmerke ein slik dag mellom 12 og 16, men blant dei sju fuglane var det både munk, raudstrupe, blåmeis, lauvsongar, gransongar og ein gråsisik. Ole Edvard fortalde om fuglane, korleis ein skal handsame dei,og kvifor ein driv med ringmerking.
Cecilie, Øyvind og eg prøvde å halde "fortet" med utdeling av materiell, retting av kviss, småprat med publikum, loddtrekning, der sjansen er SVÆRT stor for å vinne ein fuglekasse, og signering av aktivitetsløypekort. Det er travelt mens det står på som verst, men også kjekt. Ikkje minst er det godt at me denne dagen når ut til så mange, og får ei kjensle av at me representerer ein fuglevernorganisasjon.

