BirdLife Telemark
Nytt nummer av Fugler i Telemark
Eit nytt medlemsblad er snart i postkassene.
Av Kjell Bitustøyl
Publisert 19.06.2025
Dette fyrste nummeret i 2025 inneheld blant anna ein lang artikkel om fiskeørn i Telemark ved Odd Frydenlund Steen og Per Ole Halvorsen. Vidare eit portrettintervju med heidersmedlem i BirdLife Telemark Jan Erik Tangen, rapport frå Fuglestasjonen på Jomfruland, artikkel om årets fugl i BirdLife – granmeisen og ei natt på tiurleik, samt reportasje frå helgetur i Rauland, artikkel om fuglelivet langs Skienselva, referat frå Årsmøtet i BirdLife Norge, refleksjonar kring vandring på Møsvasstangen og minneord for Ragnar Hylland. Pluss dei faste spaltene frå lokallaga.