Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Strandrydding og fugler

Strandrydding med spesiell vekt på å fjerne dei store mengdene av ulike plastmateriale i driftmateriale ført inn frå havet er eit naudsynt miljøtiltak, men som alle andre ideelle målsetjingar må føresetnaden vere at det ikkje fører til negative effekter for andre delar av kystnaturmiljøet. Omsynet til fuglar må vege tungt.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 01.03.2022

Strandrydding og omsynet til fuglar har vore debattert i mange år, og tidspunktet for ryddinga er essensielt dersom fuglelivet skal vernast. Ikkje minst er det viktig at strandrydding ikkje blir lagt til periodar der faren for konflikter anten er uunngåeleg eller overhengande stor.

Med naturmangfoldlova som utgangspunkt

Dette gjeld særleg i område med spesielt omsynekrevjande naturverdiar og perioder. Derfor må utgangspunktet ikkje vere kor vidt ein «bør» ta slike omsyn, men ha som utgangspunkt at det er lovfesta at ein skal/må ta slike omsyn. Generelt er det nedfelt i naturmangfaldlova sine §§ 6 og 15:

§ 6. (generell aktsomhetsplikt) 
Enhver skal opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for å unngå skade på naturmangfoldet i strid med målene i §§ 4 og 5. Utføres en aktivitet i henhold til en tillatelse av offentlig myndighet, anses aktsomhetsplikten oppfylt dersom forutsetningene for tillatelsen fremdeles er til stede.

15. (forvaltningsprinsipp) 
Høsting og annet uttak av naturlig viltlevende dyr skal følge av lov eller vedtak med hjemmel i lov. Ved enhver aktivitet skal unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi unngås. Likeledes skal unødig jaging av viltlevende dyr unngås. Høsting og annet uttak av viltlevende planter og sopp er tillatt så langt det ikke truer overlevelsen av den aktuelle bestanden eller begrenses ved lov eller vedtak med hjemmel i lov. Bestemmelsene i første og annet ledd er ikke til hinder for lovlig ferdsel, landbruksvirksomhet eller annen virksomhet som skjer i samsvar med aktsomhetsplikten i § 6.

Dette er altså krav som må gjelde over alt, og etter som våren og sommaren på våre breiddegrader er den perioden då dei aller fleste fugle- og dyreartar ynglar, vil heile denne sesongen setje krav til at omsynet til ynglande artar skal ha udiskutabel prioritet. Det er derfor viktig å ha klart for seg at mange av dyre- og fugleartane i kystnaturen har ei lang innleiing til yngling, og at ynglesesongen ikkje startar ved det tidspunktet fuglane og amfibiar legg egg, eller dyr føder ungar, men er avhengig av ei utvikling som startar fleire veker, hos enkelte til og med fleire månader før det synlege resultater er der. Mange pattedyr går drektige fleire månader før dei føder, og for mange lengelevande og lågt produserande fuglar som sjøfugl, vadefugl og rovfugl, startar hekkesesongen allereie tidleg på etterjulsvinteren. Havørna startar til og med reirbygging i oktober/november året før og held fram med det gjennom vinteren.

Effekten av forstyrringar kan vere kritisk

For fugl er det særleg rovfuglartane som er ømfintlege, der ei enkel forstyrring tidleg i hekkesongen kan vere nok til at hekkinga blir spolert for havørn, kongeørn og hubro, i enkelte tilfelle også for vandrefalk. Dei fleste sjøfuglartane hekkar i koloniar og markerer seg godt i terrenget slik at det i praksis er lett å unngå sårbare område, medan artar som ender og gjess og mange vadefuglar gøymer reira sine og trykker hardt på reiret slik at sjansen for fatal skade om ein går seg på eit slikt reir og støkker den rugande fuglen, er nokså stor.

Forstyrring av ungekull aukar sterkt sjansen for predasjon frå måsar, kråkefugl eller rovfugl, og endeleg gjennomfører ender og gjess eit konsentrert fjørskifte i siste del av hekketida, og så konsentrert at dei ikkje er i stand til å flyge i fleire veker. I denne tida er dei avhengige av gode beiteplassar og gode høve til å gøyme seg, og forstyrring i denne perioden aukar radikalt faren for rovfuglåtak.

For alle desse vil omsynet måtte innebere at sårbare område og artar ikkje må forstyrrast frå tidleg vår til midtsommars, ettersommar eller for enkelte til tidleg haust. Ut over dette er det i våre kystområde ei rekkje verneområde med klar målsetjing for vernet og med lovfesta verneforskrifter mot ulike former for forstyrring. 

«Før fuglene kommer»

For å få rydda område som treng å verte rydda utafor hekkesesongen er prosjektet «Før fuglene kommer» etablert. BirdLife Norge sit i styringsgruppa her. Verneområde med ferdselsforbod har så langt hatt klar prioritet, men også andre sårbare område vert rydda utanom hekketida. 

 

Ærfugl
Mange fuglearter er vanskelig å få øye på før man skremmer dem opp fra reiret. Ærfugl er en slik art, og forstyrrelser under rugingen medfører en høyere risiko for mislykket hekking. FOTO: Martin Eggen
havsule
Plast på avveie i naturen er et stort problem for mange marine fugler og pattedyr. Å hindre at plast kommer på avveie er en av vår tids store utfordringer. Når først plasten er kommet ut i naturen er det viktig at vår iver etter å fjerne den ikke skaper nye problemer. FOTO: Ingrid Nielsen