Hopp til hovedinnhold

Organisasjonen:

Ofrar vi vipa for å redde klimaet?

Talet på viper er dramatisk redusert dei siste åra, og fuglen hekkar ikkje lenger der han før var talrik. I fleire kommunar i Hordaland er han borte, og mange, både bønder og oss andre som har opplevd vipesongen om våren, er i ferd med å miste noko viktig. Men enkelte bønder kjempar for å redde vipa.

Av Anders Heien

Publisert 16.05.2019

Skjøtsel og tiltak

Hordaland har få  livskraftige bestandar av vipe att dersom det er slik at det over tid må vere ca 8 par for å kunne forsvare egg og ungar. I Kvinnherad kommune er det observert rundt 30 vipeungar årleg dei åra prosjektet Vern vipa i Hordaland har samla talmateriale.

Vi besøkte to bønder, Sigurd Seim på Seimsfoss og Harald S. Arnevik på Sætre på Halsnøy. Begge tek vare på vipene, og driv jorda med ein plan og eit ønske om å verne fuglane. Dei registrerer og merkar reira, noko som krev tid og skarp observasjonsevne. Dette gjer at dei kan kjøre utanom ved pløying eller gylling. Det siste foregår på gamlemåten med viftespreiing. Reir kan og dekkast til med ei bøtte, fortel Sigurd Seim. Arbeid har og stått på vent for at vipene skal få fred i sårbare periodar med nyklekte ungar. Han vil prøve ut ei kasseinnhegning i år der dei små blir samla før han pløyer opp eit stykke der det er to reir. På Sætre startar Harald Arnevik slåtten først tidleg i juni, og då er håpet at ungane har klart å trekke unna. Dei slår graset delvis frå midten og utover og lagar ei gate mot tryggare kantsoner. Det er fuktige «øyer» i marka på Sætre, og det er nok og ein grunn til at dei fleste vipene på Halsnøy hekkar nettopp der, heile 14 reir har han registrert.

Bonden og vipa

Seimsfoss er ein typisk vestlandsk fjordgard. Kvifor er det så få slike gardar med viper? Reven er ein viktig predator på viper. På Halsnøy er det ikkje raudrev, men i Guddalen over Seimsfoss vart det tatt ut 15 raudrev det siste året, fortel Sigurd. Men hovudsvaret på spørsmålet er nok samspelet mellom vipa og bonden. Bonden si innstilling, tida han bruker på registrering og vernetiltak og driftsmåtar er heilt avgjerande for at vipa overlever. 

Harald S. Arnevik gir tydeleg inntrykk av kor viktig vipene er for han som menneske og gardbrukar. Når vipene spelar opp om våren gjer det noko med både kropp og sjel, seier han mens han viser oss nokre av reira. Det var valleslette her for to dagar sidan, kvitt på markene, sukkar Harald. Vi får håpe kulda ikkje tek knekken på kyllingane.

Klima eller vern?

Nyleg kom ein stor internasjonal forskingsrapport i regi av FN som slår alarm om at tapet av artar trugar framtida vår vel så mykje som klimaendringane. I rapporten blir det trekt fram at også måten vi produserer bl.a. mat på ikkje er bærekraftig. Matjorda blir i global målestokk dårlegare og pollineringa er truga, sjølv om verdiskapinga i landbruket har blitt tredobla dei siste 50 åra. Frå Landbruksdirektoratet har det dei siste ti åra kome nye miljøforskrifter og tilskotsordningar for å redusere klimautslepp frå landbruket. Landbruket har fått mykje fokus når det gjeld utslepp av klimagassar. Men utviklinga går mot større einingar med fleire husdyr, meir gjødsel som skal handterast til beste for klimaet og nærmiljøet. Mange bønder har fått tilskot til å legge om frå tradisjonell viftespreiing av gjødsel til bruk av breie slangebommar som «legg» gjødselen ved planterøtene, ei løysing som gir mindre klimagassutslepp, mindre avrenning, reinare planter, mindre jordpakking m.m. Denne metoden med tilhøyrande slepeslange gjer det temmeleg umuleg å ikkje sope med seg vipereir, egg eller ungar.

Det er samansette årsaker til den dramatiske nedgangen for vipa, men nedgangen har akselerert. Er det ein samanheng mellom effektivisering og klimatiltak i landbruket og nedgangen i vipebestanden det siste tiåret? Kva skal vege mest? Klima eller vern av artar?

Når det nye kunnskapsgrunnlaget om årsaker til og verknader av tap av artar får politiske konsekvensar, blir det kanskje naturleg at bønder i nær framtid kan søke om tilskot for å produsere gras på ein mindre effektiv, men meir vipevennleg måte, ei lita handsrekning til den folkekjære vipa.

Aktuelle lenker:

Graseng med vipe Sætre
Oversikt over graseng på Sætre. Reira er ikkje merka med pinne, men med ei kvit fille. Vanskeleg når graset er høgt! FOTO: Anders Heien
Vipe
Vipe på Sætre. FOTO: Anders Heien
Skjul for vipe i vegetasjon
Felt med fuktig vegetasjon gir skjul for vipene på Sætre. FOTO: Anders Heien
Reir med merkepinnar Seimsfoss
To reir med merkepinnar Seimsfoss. FOTO: Anders Heien