Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Kongeørn i Trøndelag: Kva er feil?

NOF takkar for innspel frå forskarar frå NINA, NMBU og NIBIO med merknader til NOFs nettoppslag om kongeørn som skadevaldar i Trøndelag. Vi ynskjer å kommentere ein del av innspela, mellom anna på bestandstettleik av kongeørn i Trøndelag versus resten av landet, og arten si rolle i høve til andre tapsårsaker.

Av Norsk Ornitologisk Forening

Publisert 18.10.2019

Når Alv Ottar Folkestad dei siste åra har vore sakshandsamar i NOF for kongeørnsaker med fokus på forvaltingsproblem og tap av beitedyr, representerer oppslaget NOF som organisasjon og er godkjent som det. Hans kvalifikasjonar som sakshandsamar er relevant fagbakgrunn, lang yrkeserfaring med arts- og arealforvalting, bestandsovervaking, ei lang periode som rovviltskadekontakt, men og sauebonde med særleg kompetanse på villsaudrift.

Vi kunne ha uttrykt oss meir utvetydig, men det burde likevel gå klart nok fram at Trøndelag skil seg frå andre fylke i landet i sesongfordeling og prosentandel av kadaverfunn med konklusjon «drept av kongeørn» («dokumentert» og «antatt sikkert») på basis av sum kadaverfunn gjennom sesongen og kva tid fylket har høgst prosentandel i høve til landet. Vår kjelde er Rovbase, og det burde vere sjølvinnlysande at konklusjonen ikkje galdt kvantitativ topp i ørnedrap i Trøndelag. Vi uttrykte dette verbalt. Det er derfor eit poeng at innlegget frå forskarane summerer samanlikninga mellom fylka tabellarisk og i figur. Presentasjonen illustrerer på overtydande måte hovudpoenget vårt, at Trøndelag som fylke skil seg klart frå landet elles frå midtsommars av i den siste 10-årsperioden i høve til andre fylke. Frekvens av kadaverfunn med konklusjon «drept av kongeørn» i Trøndelag er påfallande høg, men skilnaden blir endå meir markert om vi ser på dei viktigaste sju kommunane på Fosen og i Namdal (Indre Fosen, Åfjord, Verran, Flatanger, Namdalseid, Høylandet og Namsskogan). Dei øvrige kommunane i fylket har meir eller mindre same mønster som landet elles, også landets største sauekommune, Oppdal. Fosenprosjektet er derfor høgst relevant for å forstå kongeørna si rolle i høve til andre tapsårsaker. Det er dette vi set fokus på. Også tabell og illustrasjon i innlegget frå forskarane stadfester etter vårt syn dette. Det er vanskeleg å sjå kva som er feil i NOFs premiss for konklusjonen. Derfor spørsmålet i tittelen på vårt innlegg.

For å forstå registrerte tapstal gjennom sesongen som mål på kongeørnas rolle for tap av sau/lam på beite, er det viktig å finne korrekt samanlikningsgrunnlag for tapstal i dei ulike delane av landet. Forskarane meiner å kunne lese dette ved å samanlikne toppen i tapstal i dei ulike landsdelane frå sør til nord, finn toppen for Rogaland allereie i april-mai, og at den flytter seg etter kvart nordover. Forklaringa må vere at dyra kjem seinare ut på beite mot nord. Dei understrekar at det ikkje er gjort analyse av årsaka til sesongvariasjon, og er ved eit sentralt punkt der. Ein rask og enkel gjennomgang av registrerte skadetilfelle tidleg i sesongen avslører at kadaverfunna ikkje gir ei fordeling som samsvarar med sør/nord forflytning i løpet av våren. Av aprilfunna står Rogaland, Trøndelag og Troms for 44 dyr (16+10+18), Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nordland for 19 dyr (5+5+5+4) – (våre tal henta og kontrollerte frå Rovbase stemmer ikkje heilt med forskarane sin tabell (21+10+21) og (5+6+9+4) for april). Viktigare er det å konstatere at for desse fylka er alle eller fleirtalet av tapa i siste halvdel av april. Berre Rogaland, Hordaland, Nordland og Troms har registrert tap i første halvdel av april, og det aller meste av funna er frå område og flokkar med villsaudrift. Berre siste veka av april ser det ut til å vere tap av kvitsaulam i Rogaland og Hordaland. Ved dette tidspunkt vil lamming hos kvitsau vere i gang i store delar av Norge, og avhengig av ver, vil kvitsaulam vere på innmarksbeite langs mykje av kysten. Ut frå tabellane over tidleg tap av lam til kongeørn er det såleis vanskeleg å sjå det mønsteret som forskarane meiner å kunne lese. Viktigare er det likevel å ha kjennskap til kor vidt registrerte tap er representative for reelt skadetrykk frå kongeørn. Då skil tapa i Troms seg ut som eit særtilfelle. Alle registrerte tap i april og 18 av 25 registrerte tap i mai er frå ein flokk på 200-250 gamalnorsk sau i villsaudrift på Åkerøya i Troms. Drifta gjekk i 14 år frå og med 2004, alle år med store tap, mykje meir enn registrerte kongeørntap, og overvaking av flokken i mars-april 2008 konkluderte med at dei fleste av dyra var underernærte og at mange dyr svalt ihel (konsulentrapport til Fylkesmannen i Troms). Drifta hadde dispensasjon frå Mattilsynet, men denne vart ikkje dregen tilbake før 2017. Området ligg langt nord for dei delane av Norge som tilfredsstiller grunnkrava for å kunne gje dispensasjon for denne driftsforma (§ 18 i småféforskrifta). Tilfellet illustrerer på ein slåande, men stygg måte korleis manglande dyrevelferd kan aksellerere tap og kople inn tapsfaktorar som knapt ville vere av betydning i ein normalsituasjon. Det viser kor viktig det er å få avdekke slike bakanfor liggande årsaker til store og konsentrerte tap. Tapa på Åkerøya i Troms kan derfor ikkje inkluderast i eit grunnlagsmateriale som skal vere representativt for landet, men må stå som eit isolert skrekktilfelle. Når vi i nett-oppslaget etterlyser slike samanhengar også for Trøndelag, meiner vi å ha god grunn for det. Det vart uttrykt i klartekst (sjukdom, parasittar) med referanse gjennomførde på kysten lenger sør. Alveld bør vere særleg relevant.

Avslutningsvis må vi kommentere forskarane si vurdering av kongeørnbestand og talet på sau i Trøndelag, utan å nemne bestandstettleik eller beitedyrstettleik med eit ord, ei heller korleis slike, nokså sjølvsagde faktorar allereie er påpeika i fleire publikasjonar (t.d. Strand 2016). Samanslåing av dei to tidlegare Trøndelagsfylka og endringar i rammevilkåra for sauehald har rokkert mellom fylka innbyrdes i høve til sauetal, slik at Trøndelag i år (2019) er landets nest største sauefylke, så vidt føre Oppland og Hordaland, men likevel berre med halvparten av sauetalet i Rogaland. I figur 1 i kommentarane frå forskarane kan ein få inntrykk av at Trøndelag har landets største kongeørnbestand, basert på referanse frå Dahl mfl. 2015, men både referansen og andre publikasjonar (bl.a. Øien og Shimmings  2015, NOF-rapport 2-2015) syner at dette ikkje gir eit korrekt bilde og slett ikkje av bestandstettleik av kongeørn. Alle andre kystfylke frå og med Vest-Agder til og med Troms har betydeleg tettare bestand, og alle vestlandsfylka, saman med Oppland har langt tettare med sau i høve til arealet enn Trøndelag på landsgjennomsnittet. Rogaland har nær ti gonger så mange sau pr. areal samanlikna med Trøndelag (21,9 dyr/km2 kontra 2,6 dyr/km2). Samtidig er frekvensen av kadaverfunn med konklusjon «drept av kongeørn» i alle fylka frå og med Vest-Agder til og med Møre og Romsdal beskjeden både i den aktuelle 10-årsperioden og tidlegare. Dette må vere eit tankekors når forskarane meiner høg drapsfrekvens i Trøndelag har samanheng med kombinasjonen stor kongeørnbestand og mange lam på beite.

Det er bra at forskarane i Fosenprosjektet er aktive med kommentarar til problemstillingane rundt kongeørnskade, og særleg viktig at samanhengen mellom sjukdomar og kongeørnåtak er hovudproblemstilling innan prosjektet. Vi må likevel tilstå at vi syns det er trist med urettvise personåtak i det som elles skal vere ein sakleg og fagleg debatt. NOF har alltid hatt fokus på fakta og kunnskap og har lang tradisjon for å vere kunnskapsleverandør til og samarbeidspartnar med faginstitusjonar og fagstyresmakter. Folkestad har lenger fartstid enn dei fleste, ikkje minst for ørneforvalting, og vi trur det framleis er klokt å lytte til hans kunnskap og erfaring.

NB!
Tabell- og figurgrunnlaget i forskarane sitt nettsideinnlegg er justert i høve til det utkastet NOF gav tilsvar på, så NOFs fokus på Troms heng litt i lufta etter som forskarane har kutta alle rapporterte funn i fylket i april, det meste i mai og ein god del i juni, heilt i samsvar med NOFs kommentar om at rapportar frå Åkerøya i Troms ikkje er representative for fylket, men det burde ha vore kommentert i tabellteksten. Viktigaste innvendinga mot forskarane sine vurderingar står ved lag. Det er meiningslaust å vurdere tapstal og kadaverfunn utan å sjå på tettleik pr. areal både for kongeørnbestand og beitedyr. Trøndelag kjem langt nede på lista for tettleik av kongeørnterritorier og på landsgjennomsnitt i tettleik av sau. Fylka frå og med Vest-Agder til og med Møre og Romsdal er på topp i tettleik for beitande sau og hekkande kongeørn, men på botn i tapte lam til kongeørn, også villsau i heilårs utedrift. Det er poenget og bør vere i fokus for å finne årsaka til kvifor Fosen og Namdalen skil seg ut.

Kongeørn
For å forstå registrerte tapstal gjennom sesongen som mål på kongeørnas rolle for tap av sau/lam på beite, er det viktig å finne korrekt samanlikningsgrunnlag for tapstal i dei ulike delane av landet. Er registrerte tap representative for reelt skadetrykk frå kongeørn? FOTO: Bjørn Erik Hellang