Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Dokumentasjon av sjeldne fuglar i Hordaland i 2020

Den Lokale rapport- og sjeldenhetskomitéen for fugl i Hordaland (LRSK Hordaland) skal snart i gang med oppsummere fjorårets fugleobservasjonar i regionen i sin årlege rapport til bladet "Fuglar". Difor er det no på tide å beskrive sjeldne fuglar som vart sett i Hordaland i 2020. Fristen for innsending er 1. februar.

Av Oddvar Heggøy

Publisert 17.01.2021

LRSK Hordaland skal snart i gang med årsrapporten for 2020, som vert trykt i utgåve nr. 2 av bladet "Fuglar" i 2021. Rapporten tek utgangspunkt i observasjonar rapportert i Artsobservasjoner fra det aktuelle rapportåret, men ein del av dei sjeldnaste fuglane må vere dokumentert med bilete eller ei beskriving før observasjonane kan godkjennast og inkluderast i årsrapporten og i fylket sine funnstatistikkar.

Kvifor krevjast dokumentasjon av sjeldne fuglar?

Ei viktig oppgåve for LRSK Hordaland er å halde oversikt over kva slags fuglar som er observert i regionen, og kor vanlege desse opptrer. Dette medfører først og fremst å kvalitetssikre observasjonar av fuglar som rapporterast i Artsobservasjoner. For sjeldne fuglar i regionen, eller i landet for øvrig, krevjast dokumentasjon for å kunne inkludere funna i dei offisielle funnstatistikkane. Funn som ikkje vert tilstrekkeleg dokumentert vil heller ikkje verte med i komitéen sine årsrapportar eller i observatørane sine krysselister i Artsobservasjoner.

Kva artar må dokumenterast?

Det er berre dei sjeldnaste fugleartane i Hordaland som må dokumenterast med bilete eller beskrivingtil LRSK, eller til den Nasjonale sjeldenhetskomitéen for fugl (NSKF). Ei oversikt over kva artar som må dokumenterast for LRSK Hordaland og NSKF finner du på denne sida. Merk at enkelte avvikande observasjonar (knytt til fenologi, lokalitet osv.) også kan tilleggast beskrivingskrav.

Korleis dokumentere?

Har du bilete av de sjeldne fuglane du har observert, er det ein stor fordel om desse lastast opp i tilknytning til funnet i Artsobservasjoner. Dersom bileta ikkje gir noko tvil om artstilhørigheit, vil LRSK som oftast kunne godkjenne funnet berre på bakgrunn av desse. Er slike lasta opp i Artsobservasjoner av eit aktuelt funn er det difor ikkje naudsynt å også sende inn ein rapport med beskriving av funnet til LRSK. For nasjonale raritetar, og for observasjonar av fuglar der det ikkje finst bilete, er skriftlege beskrivingar eit krav.

Kven skal beskrive?

Hovudregelen er at det er den som har oppdaga ein sjeldan fugl som også skal sende inn eventuell beskriving av fuglen. Det er ikkje noko i vegen for at også andre observatørar sender inn beskrivingar, men for å unngå meirarbeid kan beskrivinga av eit funn gjerne avtalast mellom observatørane. Framgangsmåten for å beskrive eit sjeldant funn i Artsobservasjoner er beskrive her. Alle observasjonar av ein sjeldan fugl som vurderast som tilstrekkeleg dokumentert av LRSK vert slått saman til eitt enkelt funn av LRSK, og alle underliggande observasjonar i det samanslåtte funnet vil då også vete godkjent.

Tomme rapportar er uønska

Det er ingen poeng i å sende inn tomme beskrivingar til LRSK i Artsobservasjoner berre for å «få bort» funn fra oversikta over udokumenterte sjeldne fuglar som du finn på "din side" i rapporteringssystemet. Slike beskrivingar vil ikkje godkjennast, og resultatet vil i mange tilfelle berre verte at funnet forsvinn frå dine lister i Artsobservasjoner.

For å sikre at observasjonar av sjeldne fuglar i Hordaland i 2020 vert godkjent, er det viktig at beskrivingar sendast inn innan 1. februar 2021. 

 

Rosenstær (foto: Oddvar Heggøy)
Observasjoner av rosenstare i Hordaland må dokumenterast med bilete eller ein skriftleg rapport for godkjenning. I 2020 vart det observert fleire individ av denne arten enn nokon gong tidlegare i regionen. FOTO: Oddvar Heggøy
Gransonger u.a. tristis (foto: Oddvar Heggøy)
Gransongarar som syner karakterar til underarten "tristis" (sibirgransongar) kan vere utfordrande å identifisere i felt. For slike vanskelege artar kan ein skriftleg rapport vere eit godt supplement til bilete når LRSK skal validere rapporterte funn. FOTO: Oddvar Heggøy