Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Ein milepåle er nådd i BirdLife Hordaland

Då Inga og Nathalie melde seg inn i BirdLife Hordaland sist måndag, vart medlemstalet vårt 999. Spanande forventningar låg i lufta med tanke på når og kven den neste medlemen skulle bli. Alt på tysdag melde Kjersti seg inn, og foreininga runda endeleg 1 000 medlemar!

Av Espen Bore Hollund og Michael Fredriksen

Publisert 20.11.2023

Det er knapt meir enn éin månad sidan styret i BirdLife Hordaland påpeikte under eit styremøte at me framleis ikkje hadde klart å nå det «magiske» talet i medlemsregisteret. Sidan den gong har medlemstalet stige jamt og trutt, og den 14. november bikka det altså endeleg over 1 000 medlemar! Denne milepålen representerer ikkje berre ein auke i medlemstalet, men også ei breiare støtte for bevaringsarbeidet foreininga utfører i regionen.

BirdLife Hordaland vart dermed det fjerde fylket som har rundt 1 000 medlemar. No er me i selskap med Oslo, Trøndelag og Rogaland. Naturen treng alle stemmer den kan få, så me takkar varmt for innmeldingane. Ei lita gåve er på veg til vårt 1 000. medlem, Kjersti.

Det har vore ei positiv utvikling over fleire år med god tilstrøyming til foreininga. Særleg under pandemien var tilstrøyminga særdeles god. I fjor fekk me inn 77 nye, og så langt i år har me fått 80 nye medlemar. Ein rask kikk på kjønnsfordelinga viser at me no har ein kvinneandel på 41%. Dette er verd å glede seg over i ei foreining som for ikkje mange år sidan vart sett på som svært mannsdominert.

Lokallaga tilhøyrande BirdLife i Hordaland har gjennom mange år vore aktive med å arrangera ulike turar og gjennomføra tiltak for å auka merksemda om fuglar og fuglevern. Eit særs vellukka tiltak i denne samanhengen er vipeprosjektet i Herdla naturreservat, som har vist at velfundert bevaringsarbeid fungerer, og at det er mogleg å driva fuglevern i godt samarbeid med lokale bønder.

Det er gledeleg å sjå at arbeidet til foreininga gir resultat, og at folk i Hordaland verkeleg bryr seg om fuglar og den omkringliggjande naturen. Med stadig aukande trugslar mot økosystema og mangfaldet av fugleartar, er det inspirerande å sjå at stadig fleire vel å støtta opp om og engasjera seg i foreininga vår. Den veksande medlemsmassen gir oss ei lita von om at fleire ønskjer å ta ansvar for å verne om naturen for komande generasjonar.

Fedje april 2001
BirdLife Hordaland har vært en aktiv forening siden oppstarten for over 50 år siden. På bildet ser vi årsmøtekskursjonen til Hellisøy fyr på Fedje 29. april 2001, der trekkende sjøfugler var i fokus. Lokallagene arrangerer flere turer og møter hver måned, og utgjør en viktig del av tilbudet til våre medlemmer. FOTO: Frode Falkenberg