Forsiden
Du er her: Forsiden > Organisasjonen > Det beste fuglebilete i Hordaland i 2009
  Siste nytt    Om oss    Bli medlem    Tillitsvalgte    Lokallag    Kalender    Tidsskrift    Kontakt oss    

Det beste fuglebilete i Hordaland i 2009

Av Jon Djupvik (02.09.2010)

I år var det spettar frå indre strøk som prega seierspallen i kåringa av det beste fuglebilete i Hordaland. Bileta på dei to første plassane er begge av hakkespettar som hekkar i Hordaland og bileta er tekne av samme fotograf.

Hvitryggspett

Årets fuglebilete i Hordaland 2009; ein kvitryggspett hann i Odda. (Opphavsrett: Rune Voie) Større bilde

Kåringa av det beste fuglebilete i Hordaland vart også i år arrangert i regi av NOF Bergen lokallag. Krava som vart sett til fotografi som deltok i kåringa var at dei måtte vera tekne i Hordaland i 2009 og at dei måtte innehalde ein eller fleire fuglar, eller delar av ein fugl.

Det vart sendt inn 30 flotte bidrag til kåringa. Av desse bidraga plukka ein jury ut ti finalebilete som vart lagt ut på nettsida ”Fuglar i Hordaland”. Juryen besto av Jan Standal som er leiar i Bekkalokket Fotoklubb og revisor for Norsk Selskap For Fotografi, samt Ragnar Vikøren og Jon Djupvik frå NOF Bergen lokallag.

Dei som besøkte nettsida ”Fuglar i Hordaland” i tida mellom 10. januar og 15. februar i år fekk æra av å avgjere kva for eit bilete som skulle gå heilt til topps. Til saman vart det avgitt 100 stemmer og flest stemmer gjekk til dei tre bileta ”Kvitryggspett”, ”Gråspett” og ”Ung måke”.

Avsløring av vinnarbiletet vart gjort på NOF Bergen lokallag sitt medlemsmøte på Naturhistorisk museum den 9. mars. Det var Rune Voie som kapra både 1. og 2. plassen med sine flotte spettebilder. Odd Lundberg tok 3. plassen.

NOF Bergen lokallag ønskjer å rette ein takk til Natur og Fritid AS som sponsar førstepremien, til alle som har sendt inn bilete og alle som har stemt!

Se alle finalistene i 2009

kommentarer Kommentér nyheten