Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Siste nytt frå styret i NOF avd Sogn og Fjordane.

Styret har fordelt verv og diskutert aktuelle arbeidsoppgåver og aktiviteter i overskueleg framtid. Vi vil prioritere å få til fine turar i ulike deler av fylket. Fuglelivet er på opptur no i byrjinga av mai og det er berre å hive seg med etter kvart som turane vert annonsert her.

Av Anders Braanaas, Leiar NOF-SFJ

Publisert 06.05.2013

Turar

Vi håper fylkeslaget kan vere eit bindeledd mellom fugleinteresserte i Sogn og Fjordane. Vi satsar på kortare og lengre turer til fine lokaliteter frå hav til fjord og fjell denne våren, sommaren og hausten.Vi ønskjer alle medlemer og andre interesserte vel møtt. Turane vil om kort tid bli annonserte her på heimesida til fylkeslaget og på e-post til medlemmer.

Facebook

Norsk Ornitologisk Forening avd Sogn og Fjordane går på Facebook. Vi ønskjer å dele med fugleinteresserte i fylket fine bilete, artige og interessante observasjonar og informasjon om turar og aktiviteter. I det heile håper vi FB kan gjere informasjon og kommunikasjon mellom medlemmene våre meir effektiv og aktuell.

LRSK og Artsobservasjonar

Jan Ove Sagerøy har fått ansvaret for LRSK i Sogn og Fjordane. Han vil trekkje med seg kompetente folk etter behov.Har du interessante observasjonar eller spørsmål ta kontakt med Jan Ove (Tlf: 917 21 073)

Pascale Baudonell har fått ansvaret for å gå gjennom artsobservasjoner.no og etterkvart rydde opp i  lokaliteter (slå saman og gjere allmenne) . Ho vil også vere til hjelp om du har spørsmål til bruk av artsobservasjoner. NOF sine medlemmer gjer ein stor innsats i registrering av fugl i fylket, og vi ønskjer at endå fleir skal registrere sine observasjoner. Ta kontakt med Pascale (Tlf: 970 16 334)

Strandsnipe
Strandsnipa er ein av trekkfuglane som kjem for fullt i desse tidlege maidagane. Her frå Grøneng i Florø 5.mai. FOTO: Anders Braanaas