Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Årsmøte og fugletur. NOF Sogn og Fjordane

NOF Sogn og Fjordane inviterer til Årsmøte og fugletur i Førde den 23.april 2017. Vi bruker morgonen frå Førdefjorden til Mo langs det vakre Jølstravassdraget.

Av Anders Braanaas

Publisert 11.04.2017

Norsk Ornitologisk Foreining, fylkeslag Sogn og Fjordane. Årsmøte 23. april 2017. Sundag den 23. April 2017 vert det samling med årsmøte i NOF Sogn og Fjordane. Samlinga er i år lagt til Førde i Sunnfjord. Sjølve årsmøtet startar kl 12:00, men vi inviterer alle medlemmer og fugleinteresserte til ein morgon og formiddagstur frå fjord til Mo. Turen startar frå Øyrane videregåande skule kl 07:00 Løkene og Indre Øyrane i Førde sentrum er eit attraktivt område for fugl, og interessant for fuglefolk. Dessverre er området under sterkt press frå utbygging. Ein av dei få hettemåkekoloniane i fylket er i fare for å bli heilt utradert. Vipe som hekker i området mister hekkeplassane sine og gjess og anna fugl som beiter på jordene må vike plassen for asfalt og betong . Etter ein runde rundt Øyrane forflytter vi oss opp til Sunde og Bergavatnet. Her kan både vatnet og liene rundt by på spennande fugleopplevelser i aprilmorgonen. Vi kan mellom anna håpe på å høyre dvergspett og kvitryggspett i liane rundt vatnet. Siste stopp er Mo og Movatnet med kulturlandskapet rundt jordbruksskulen. I Movatnet er det god von om å sjå både smålom og storlom. Også ulike ender som raster og hekker rundt vatnet. Vel møtt til kjekk fugletur i Førde. Årsmøte Kl 12:00 Mo jord- og hagebruksskule Førde 1. Opning Opning ved leiar 2. Godkjenning av sakliste og innkalling 3. Val av møteleiar 4. Årsmelding 2016 5. Rekneskap 2016 6. Val av leiar og styre 7. Arbeidsplan og diskusjon av foreiningsaktivitetar 8. LRSK - arbeid 2016 9. Ymse Det vert enkel servering.
Brunnakke hann i Løkene
Løkene i Førde sentrum er eit interessant men dessverre truga våtmarksområde. FOTO: Anders Braanaas