Vipe i knipe - erfaringer fra Sogn og Fjordane
Av Anders Braanaas (19.02.2019)
Vipa går dramatisk tilbake i heile Norge. I Sogn og Fjordane hekker no berre knapt 40 par fordelt på 11 hekkelokalitetar. Ein indikasjon på kor mykje større bestanden av vipe var så seint som i 1990 er ein registrering på Artsobservasjoner ved Hafslovatnet i Luster kommune på 230 viper.
NOF Sogn og Fjordane har dei to siste åra registrert hekkande vipe i fjordfylket. Vi vart inspirert av den flotte innsatsen som er gjort i Hordaland, og ønska å følge opp med dei ressursane vi har til rådvelde. No er rapporten klar og vil vere eit grunnlag for vidare oppfølging og overvåking av vipebestanden i Sogn og Fjordane.
Av moderniseringstiltak i jordbruket som var særleg skadeleg for vipa dei siste 50 åra kan ein nemne overgang frå høy til siloslått, overgang frå fast gjødsel til gylle, større og meir effektive maskiner, auka bruka av sprøytemiddel og auka bruk av kunstgjødsel, noko som mellom endra artssamansetnaden og gav ei tettare eng som resultat. Desse tiltaka innebar økonomisk vinning for bonden, men gjorde landbruksarealet mindre eigna som hekkeområde for vipa. Eigenskapane til jorda og samansetninga av plantesamfunnet påverkar kva insekt som finst i jordbruksarealet, og dermed matfatet til vipa. I tillegg er bruken av store maskiner og nye driftsmetodar eit fysisk trugsmål mot reir og ungar. I rapporten (under) diskuteres også andre årsaker til kollapsen i vipebestanden, som predatortrykk og nedgang i antall meitemarker ved hekkelokalitetane.
Vipe i knipe. Rapport 2017 og 2018 fra Vern om vipa i Sogn og fjordane
Emneord: fuglevern jordbruk vern vipa i sogn og fjordane vipe