Hopp til hovedinnhold

Kommentarer til «15 norske havørnunger på plass i Irland»

NOFs havørnprosjekt lyktes i forrige uke å samle inn 15 havørnunger i Midt-Norge. Mandag 18. juni gikk transporten med havørnunger fra Værnes lufthavn til Irland. Etter noen dagers opphold hos Tom Roger Østerås i Stjørdal skal de 15 havørnungene danne grunnlaget for en ny havørnbestand i Irland.

Gå til nyheten

Kommentarer

Boble Hmmm.. Er dette skikkelig gjennomtenkt?

Er overhodet ikke bekymret for havørnbestanden, MEN:

Er det noen som har foretatt en konsekvensanalyse av hvordan disse reintroduksjons-prosjektene på sikt vil påvirke de mange store krykkje- og lomvikoloniene i Skottland og Irland???

Ref. våre hjemlige problemer; eksporerer vi ikke her et stort problem også til våre naboland?

Personlig er jeg svært bekymret for det NOF her driver med!!

Knut S Olsen (20.06.2007)

Ny kommentarSvar på denne

Boble Overføring av havørnungar til Irland og Skottland

Lat det vere klart: Det er ikkje NOF som driv desse to prosjekta. Dette er nasjonale prosjekt i Irland og Skottland der styresmaktene i samarbeid med interesseorganisasjonar og -grupperingar har gjort vedtak etter inngåande og føreegåande fagutgreiingar om bl.a. konsekvensar. For dei to landa er det spørsmål om ein artsforvaltingsstrategi for havørn som inneber gjeninnføring/styrking av havørn i dei to landa (såkalla Species Action's Plan). Dette er ein del av arbeidet for å gjenskape natur som er gått tapt på grunn av direkte, mennesklege inngrep og forfølgingar. Siktemålet er å gjenvinne tapt terreng geografisk og på sikt gjere havørnbestanden meir robust for påkjenningar i framtida. Dei to nasjonale prosjekta har tatt kontakt med Norge med ønske om å få ta ut havørnungar, og det skulle blott berre mangle om ikkje vårt land skulle kunne bistå (kven elles?). Vi i NOFs Prosjekt Havørn har i ei førebuingsfase fått spørsmål om vi kunne vere interesserte i å vere norske samarbeidspartnerar. Det har vi sagt ja til, nokså sjølsagt etter vår oppfatning, og det er Direktoratet for naturforvaltning som ønskte at innsamlinga av havørnungar skulle organiserast gjennom NOF. Så enkel er den saken.

Meir interessant er det Knut S. Olsen antydar om at vi har problem med vår eigen havørnbestand. Det kunne vere interessant å høyre kva han meiner med det og kva han evt. bygger sine antydningar på. Vi som har arbeidd med arten i Prosjekt Havørn i 34 år har saktens både sett, høyrt og diskutert synspunkt framlagt frå enkelte sjøfuglforskarar siste åra, men vår oppfatning er at før nokon går ut og drar raske konklusjonar om mellomartslege påvirkningar og samanhengar, bør ein gje seg tid til å sjå observasjonar og studier i perspektiv, ikkje minst i høve til tidsakse, bestandstrendar over store geografiske område og kva som er dei viktigaste, styrande faktorane for bestandssituasjonane. Hugs at havørna og dei nemnde sjøfuglartane her levd side om side og utvikla seg som artar i same miljø lenge før mennesket kom inn som hovudfaktor og med sin trang til å skulle styre også naturen. Vi nyttar gjerne høvet til litt meiningsveksling på dette temaet.

Alv Ottar Folkestad, leiar Prosjekt Havørn (28.06.2007)

Ny kommentarSvar på denne