Hopp til hovedinnhold

Fuglekunnskap:

Opprop: Reirfunn av kvitryggspett

Kvitryggspetten er blant dei artane som Noreg har eit særskilt internasjonalt forvaltningsansvar for, og det er difor viktig med god kunnskap om biologien hans. Takka vera landets fugleinteresserte er det skaffa mykje ny viten om fuglen dei siste tiåra.

Av Ingvar Stenberg

Publisert 10.08.2001

Kvitryggspetten er blant dei artane som Noreg har eit særskilt internasjonalt forvaltningsansvar for, og det er difor viktig med god kunnskap om biologien hans. Takka vera landets fugleinteresserte er det skaffa mykje ny viten om fuglen dei siste tiåra.

Forvaltninga er no interessert i å samla dette til ein kunnskapsoversikt. Etter oppdrag frå Direktoratet for Naturforvaltning har NOF nyleg utarbeidd ein statusrapport over utbreiinga i landet, og denne gongen er det habitatvalget som står på programmet. Her kan alle som har gjort reirfunn bidra med informasjon. Eit aktuelt spørsmål er om det er regionale variasjonar i til dømes valg av treslag for hekking, slik somme undersøkingar tyder på. Medan han på Nordmøre hakkar ut reirhol nærmast utelukkande i osp, utgjer osp berre knapt halvparten av beskrivne reirtre i Sverige. Kaskje dette kan skuldast betre tilgang på høvelege hekke-osper i delar av vårt land? Uansett kva årsaka kan vera, er det interessant å få kartlagt om det finst tilsvarande forskjellar i vårt land.

Aktuelle opplysningar om reirplassen er:

  • Kartreferanse (UTM, helst 100 m-rute)
  • Høgde over havet
  • Himmelretning av liside (S-, V-, Ø- eller Nord-vendt)
  • Dominerande skogtype innafor ca. 500 m (barskog/lauvskog/ lik fordeling av skogtypar
  • Treslag for hekking

Du treng altså ikkje ha detaljerte data for å rapportera. Eg tek imot opplysningar med takk innan årskiftet, som er tidsfristen for å gjera ferdig arbeidet.

Ingvar Stenberg
6640 Kvanne
Tlf/Fax: 71 66 35 45
instenb@c2i.net

 

Kvitryggspett
Kvitryggspetten hakkar normalt ut nytt reirhol kvart år, og plasserer det gjerne høgt og fritt oppunder trekrona i ei osp. Valget av reirtre i landet skal no kartleggast. FOTO: Ingvar Stenberg