Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Tap av lam og sau i Modalen i Vestland – kongeørn aktuell skadegjerar?

Bergens Tidende har 28. september eit oppslag om tap av 16 lam og ein sau av i alt 104 dyr på fjellbeite ved Nygard i Modalen. Turgåarar hadde rapportert om mange kadaver i området. Så langt, så vondt. Det er ikkje kjekt å miste dyr og med eit tap på 16 % er det naturleg å søke etter årsaka.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 05.10.2023

Vi får vite at rovviltkontakt frå Statens naturoppsyn har vore på staden og konstatert at kongeørn har ete av kadavera. Noko anna ville heller ikkje vere naturleg. Eit daudt dyr er mat for kjøtetarar, og svært mange artar i våre fjell har åtsel som sjølvsagd del av sitt næringsgrunnlag: Begge ørneartane og i sommarhalvåret faktisk havørn meir enn kongeørn, og saman med ramn og kråker, eller måsar. 

Men når saueeigaren forklarar tapet med at det er kongeørn som har stått for massedrap, er han på ville vegar. Kongeørna kan nok ta lam, først og fremst nyfødde og små, og erfaring viser at første par-tre dagar etter beiteslepp på fjellet, når lamma er urolege og lydhøyre og usikre i nytt miljø, kan dei vere sårbare for kongeørna. Når det lid på sommaren, til større lamma er, vert sjansen minimal for kongeørnskade. Passerer vi midtsommars er slike åtak stort sett i samband med sjukdom, svekking, skade eller om dyra går seg faste i bratt terreng.

Kongeørna er ingen jegerkjempe. Vekta varierer innan vanleg vekt hos huskatt. Skal ho lukkast i å ta sommars-lam, må lamma vere svekte eller sårbare av ei eller anna årsak. Ein nyleg rapport frå femårig overvaking i Trøndelag på kongeørna si rolle som skadegjerar for lam på fjellbeite, har klar konklusjon. Kongeørna står for beskjedne tap, og dei minste lamma er mest utsette for tap på fjellbeite, alle årsaker medrekna. Studien og det som er kjent elles viser at kongeørna står for ein forsvinnande liten del av totaltapa av lam på utmarksbeite. Legg vi tal på økonomisk erstatta, tapte lam for kongeørnskade til grunn, utgjer det mindre enn 2 % av totale tap av lam på utmarksbeite. Då var det heller ikkje uventa at då vi kontakta SNO om denne saka, opplyste Statens naturoppsyn i Vestland at dei overhovud ikkje hadde mistanke om kongeørn som årsak til tapa.

Dyreeigaren og kanskje også andre spekulerer på om kongeørna har «knekt ein kode» ved å slå til og sprenge lam samla ved saltslikkesteinar. Tenk då på at ørnene gjennom hundretusenvis av år har tilpassa seg næringsgrunnlaget. For dei er det ikkje uvanleg å møte både store og tette flokkar av ulike klauvdyrartar. Det betyr auka sjanse på tilgang på eitt og anna kadaver, «billegsal» utan å spandere energi på å angripe og gjennom det auke sjansen for skade på seg sjølv i kamp med store byttedyr. Kongeørna er tilpassa små og eventuelt mellomstore byttedyr. Det ideelle er bytte som gir måltid på inntil 1 kg kjøt. Då har dei dekt matbehovet for 2-3 dagar og treng ikkje jakte eller ete kvar dag. For dei er det meiningslaust å skulle drive massedrap, og dei gjer heller ikkje det. 

Eigaren sjølv fortel at lamma har virka stressa i sommar, at dei ikkje har lagt på seg, og at dei har gøymt seg i busker. For oss sauebønder burde det då ringe både ei og fleire bjøller om sjukdoms- eller parasittproblem. Det er dette vi er pålagde å følgje med for å forebygge og syte for god dyrevelferd. Elles er det interessant at folk som har drive overvaking av fugl i desse fjella, kan fortelja at dei har sett kongeørn berre ein gong på 10 år. Det tyder ikkje på stort skadepotensiale, men ligg det daude dyr i terrenget, vil det automatisk tiltrekke seg både kongeørn, havørn og andre åtseletarar.

Saka er også omtala i VG, i tillegg til i Bergens Tidende
Kongeørn
Kongeørna er ingen jegerkjempe. Vekta ligger på vanlig vekt for huskatt. Skal den lykkes i å ta sommer-lam, må lamma være svekket eller sårbare av en eller annen årsak. En nylig publisert rapport fra femårig overvåking i Trøndelag på kongeørnas rolle som skadegjører for lam på fjellbeite, har en klar konklusjon. Kongeørna står for beskjedne tap. De minste lamma er mest utsatte for tap på beite, alle årsaker medregna. Studien og det som er kjent ellers, viser at kongeørna står for en forsvinnende liten del av totaltap av lam på utmarksbeite. Legger vi antall økonomisk erstatta, tapte lam til kongeørn til grunn, utgjør det mindre enn 2 % av totale tap av lam på utmarksbeite. FOTO: Frank Steinkjellå