Hopp til hovedinnhold

Naturforvaltning:

Sensitive rovfuglopplysningar frå NINA på avveie

Eit seinsommarsjokk i form av melding om at detaljerte, kartfesta opplysningar om sårbare rovfuglartar låg tilgjengeleg i ein elektronisk rapportserie frå NINA, fekk mange til å stille spørsmål ved sikringa av det som skulle vere graderte faunaopplysningar, når styresmaktene og faginstitusjonar dei nyttar har fått hand om og ansvar for opplysningane.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 07.12.2010

I juli i år fekk NOF spørsmål frå ein fugleinteressert journalist i NRK om vi visste at detaljerte, kartfesta opplysningar om sårbare fugleartar låg tilgjengelege på det globale nettet. Det gjaldt ein elektronisk rapportserie hos NINA, dels med NOF og NOF-medlemmer som primærkjelder og omfatta tre rapportar om kongeørn (regionalt i Troms), jaktfalk (heile Nord-Noreg) og hubro (Nordland). Opplysningane skapte umiddelbar reaksjon hos NOF og andre organisasjonar, NOF-medlemmer og fugleinteresserte. NINA hadde ein intern runde i høve til datastenging og ettersøk av trafikk på nettet. Økokrim vart innkopla, og Direktoratet for naturforvaltning (DN) hadde ei presisering av dei retningslinjene som skal gjelde for lagring, skjerming og handtering av graderte faunaopplysningar. NOF var i direkte kontakt med NINA og DN om sak og problem og sende seinare eit brev til begge instansane, sjå link.

Vi har i ettertid vore i kontakt med DN for å avtale møte for oppfølging forvaltingsmessig, og ikkje minst i høve til korleis NOF skal kunne samarbeide med forvaltingsstyresmakter og faginstitusjonar når vi har opplevd den mistru og tillitssvikt ein så elementær blunder nødvendigvis må skape i organisasjon og blant det meinige medlem.

Aktuelle lenker:

Jaktfalk
Jaktfalk har tradisjonelt vore ein av dei mest ettertrakta artane blant falkonérar. FOTO: Torgeir Krokan

Kommentarer til nyheten (6)