Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Det beste fuglebilete i Hordaland i 2011

Denne gongen var det ein urban jegar som tok førsteplassen. Det er Kristian Henriksen som er fotografen bak bildet som i år kan smykke seg med tittelen det beste fuglebilete i Hordaland.

Av Jon Djupvik

Publisert 02.04.2012

Kåringa vart også i år arrangert i regi av NOF Bergen lokallag. Krava som vart sett til fotografi som deltok i kåringa var at dei måtte vera tekne i Hordaland i 2010 og at dei måtte innehalde ein eller fleire fuglar, eller delar av ein fugl.

Det vart sendt inn 33 flotte bidrag til kåringa. Av desse bidraga plukka ein jury ut ti finalebilete som vart lagt ut på nettsida ”Fuglar i Hordaland”. Juryen besto av Jan Standal som er leiar i Bekkalokket Fotoklubb og revisor for Norsk Selskap For Fotografi, samt Ragnar Vikøren og Jon Djupvik frå NOF Bergen lokallag.

Dei som besøkte nettsida ”Fuglar i Hordaland” i tida fram til 4. mars i år fekk æra av å avgjere kva for eit bilete som skulle gå heilt til topps. Til saman vart det avgitt 153 stemmer og flest stemmer gjekk til dei tre bileta ”Vandrefalk”, ”Sjøorre” og ”Sotsnipe”.

Takk til Natur og Fritid AS som sponsar førstepremien, til alle som har sendt inn bilete og til alle som har stemt!

Se alle finalistene i 2011

Vandrefalk
Årets fuglebilde i Hordaland 2011: Vandrefalk på Statens hus i Bergen. FOTO: Kristian Henriksen