Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Statsforvaltaren opphevar vedtak om skadefelling av grågås på Bømlo

Våren 2023 la styret i BirdLife Sunnhordland ned eit stykke arbeid i å utforma eit klagebrev på skadefelling av grågås i Bømlo kommune. No har statsforvaltaren stadfesta at skadefellingsløyva fleire stader på Bømlo våren 2023 er gitt på mangelfullt grunnlag, og opphevar derfor kommunen sine vedtak.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 04.12.2023

Statsforvaltaren peikar blant anna på at økonomisk tap og skadeførebyggande tiltak ikkje er tilstrekkeleg vurdert i vedtaka. Det vert òg peika på at eit fellingsløyve må sjåast i samanheng med andre fellingsløyve i kommunen, slik at det totale talet på løyve blir sett i forhold til lokal bestand. Dette har ikkje blitt gjort i skadefellingsløyva på Bømlo.

Biletet til artikkelen er teke ved eitt av områda der skadefellingsløyve vart innvilga våren 2023. I nærleiken vart det den 10. april i år funne eit grågåsreir med fire egg – midt i perioden for skadefelling (30.3−23.4). Dette understrekar utfordringa med skadefelling, særleg når hekkande grågås er til stades i området der løyve er gitt. Det er viktig å reflektera over korleis slike praksisar påverkar lokale bestandar og respektera naudsynt grundig sakshandsaming i tråd med lovverket.

Skadefelling av grågås kan vera eit betent tema, og me har respekt for at beitande grågås blir oppfatta som eit stort problem i enkelte område. Dette kan likevel ikkje stå i vegen for å utføra ei sakshandsaming som følgjer lovverket! Me er sjølvsagt nøgde med å nå gjennom med klagen og ser fram til at Bømlo kommune gjer ei betre handsaming av tilsvarande søknadar i framtida.

 

Grågås i forbifarten
Grågås i eitt av områda der det vart innvilga skadefellingsløyve. FOTO: ©Espen Bore Hollund