Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Ringnebbmåse – ny art for Sunnhordland!

Då Espen Bore Hollund laurdag kveld eigentleg dreiv med noko litt anna kom han over nokre bilete frå i sommar som skulle visa seg å vera av ein særs sjeldsynt måse. Under kan du lesa historia hans om det nokså tilfeldige samantreffet som førte fram til identifikasjon av den første dokumenterte ringnebbmåsen i Sunnhordland.

Av Espen Bore Hollund

Publisert 07.01.2024

Av og til... ...kan det vera lurt å sjekka med fagfolk med ein gong, og ikkje venta eit halvt år. Eg tar av og til opp fuglelydar som eg ikkje kjenner att, slik at eg kan sjekka dei nærare opp ved seinare høve. I dag nytta eg eit slikt høve, og for å sjå om eg klarte å finna ut nøyaktig kvar eg var då eg gjorde opptaket leita eg gjennom bileta eg tok den aktuelle datoen. Då kom eg over nokre bilete av ein måse som eg hugsar eg reagerte på at var litt spesiell då eg såg den, men som eg med min litt for avgrensa kunnskap hadde landa på at måtte vera ein fiskemåse.

Då eg i kveld såg biletet på nytt lyste det igjen mot meg at det var noko spesielt med denne fuglen. For å ikkje gå for høgt ut for tidleg sende eg biletet over til «måsemannen» i Hordaland med spørsmål om det var ein 2K fiskemåse. Det gjekk ikkje lang tid før han melde tilbake at fuglen var «mistenkeleg», men han var ikkje 100 % sikker, så biletet vart skikka vidare til folk med enno større kompetanse. Ikkje lenge etter fekk eg svaret eg hadde håpa på; «Jeg mener det er en ringnebb». I nær eit halvt år har eg altså hatt liggande nokre bilete av den første dokumenterte ringnebbmåsen i Sunnhordland, utan å ein gong vera klar over det sjølv!

Det er jo litt dumt at eg ikkje fekk spreidd ordet medan fuglen var på plass, men det er likevel veldig stas å kunne kryssa av denne arten i dei tre krysselistene som står hjartet mitt nærast; mi eiga liste, «Bømlalisto» og «Sunnhordlandslisto»!

Datoen var 22. juli 2023, og igjen er det lokaliteten «Kjøl» på Bømlo som leverer varene!

Rastande ringnebbmåse på Kjøl, Bømlo
Rastande ringnebbmåse på Kjøl, Bømlo FOTO: ©Espen Bore Hollund