Hopp til hovedinnhold

Organisasjonen:

Samarbeidsprosjekt om fuglelivet på Hardangervidda tek form

Fuglelivet på Hardangervidda må koma høgare opp på dagsorden med tanke på vern, forsking og formidling. Dette er bakgrunnen for at BirdLife i fylka og kommunane rundt Hardangervidda no har samla seg for å gjere noko med dette.

Av Kjell Bitustøyl

Publisert 28.02.2025

Fuglelivet på Hardangervidda må koma høgare opp på dagsorden med tanke på vern, forsking og formidling. Dette var bakgrunnen for at ein hausten 2023 heldt eit fyrste møte på Geilo mellom folk frå BirdLife-lag i fylka og kommunane rundt Hardangervidda. Av dei som deltok var blant anna styreleiar i BirdLife Norge, Anne Sørensen. Med på Teams var òg dei tre statsforvaltarane som er knytt opp mot Hardangervidda. Konklusjonen var at det skal opprettast eit prosjekt med ein prosjektbeskrivelse. Eit viktig steg vidare blei gjort i november 2024. Då var leiarane for dei tre fylkeslaga i BirdLife, Buskerud, Telemark og Hordaland, samt dei tre lokallaga i BirdLife Norge som ligg nærast Hardangervidda, Hallingdal, Telemark og Hardanger, samla til teamsmøte.

Organisering av gamle data og innsamling av nye data

Dette var eit idémøte samtidig som ein brukte høvet for å bli betre kjent med kva som er gjort av kartlegging, forsking m.m. kring fuglelivet på Hardangervidda. 

Det blei òg tenkt praktisk på korleis ein skal få inn meir opplysningar og få folk ut i felt for å samle opplysningar om tilstanden for fuglelivet i dei områda på Hardangervidda som gjerne blir kalla «kvite område». BirdLife Norge er ein organisasjon som baserer seg mykje på friviljug innsats, samtidig blei det i dette møtet òg diskutert korleis ein skal få inn økonomisk støtte til meir systematisk kartlegging i samarbeid med ansvarlege forvaltningsstyresmakter. Ein mogleg samarbeidspartnar kan vera Statens naturoppsyn, SNO. Meir pengar til forsking er òg ei viktig sak for dette initiativet.

Ei viktig side ved dette prosjektet er at ein samtidig med å innhente ny kunnskap og samle det som finst av materiale, rapportar osv. skal drive formidling og informasjon om fuglane og tilstanden deira. Allereie gjennomført kartlegging og rapportering varslar om tilbakegang for fleire fjellfuglar. Aktørane bak dette prosjektet legg difor ekstra vekt på at for lite er gjort for å dokumentere kva som skjer og i neste omgang koma med forslag om kva tiltak som bør setjast i verk. Dette sjølvsagt i samarbeid med forvaltningsaparatet knytt til både nasjonalparken og tilstøytande randsoner.

Informasjonskampanje og foredragsturne

Kjell Bitustøyl fekk i så måte pengar frå statsforvaltarane til ein foredragsturne vår/haust i 2024 om fuglelivet på Hardangervidda. Fleire bygdelag blei besøkt, bl.a. Eidfjord, Uvdal og Rauland. På nyåret 2025 skal Bitustøyl blant anna til Odda og Hallingdal. Eit framtidig samarbeid med Hardangervidda nasjonalpark på Skinnarbu står òg på dagsorden til det nystarta samarbeidsprosjektet.

Prosjektleiar er Frode Falkenberg, tilsett i BirdLife Norge med kontorstad Bergen, og aktiv fugleforskar med fleire pågåande prosjekt knytt til Hardangervidda.

Hardangervidda
Hardangervidda er Norges største nasjonalpark på fastlandet. Området er unikt i europeisk målestokk og har verdas sørlegaste og vestlegaste bestandar av ei rekkje alpine fugleartar. FOTO: Frode Falkenberg
Lappspurv
Lappspurv er ein av dei mest trua fugleartane på Hardangervidda. Han var talrik i nasjonalparken fram til slutten av førre hundreåret, men har blitt vesentleg mindre talrik sidan. Samarbeidsprosjektet skal blant anna rette fokus mot dei mekanismane som gjer livet vanskeleg for lappspurv og andre fjellfuglar, og prøve å identifisere tiltak som kan hjelpe. FOTO: Frode Falkenberg
Team Hardangervidda
Det første møtet i samarbeidsgruppa blei halde på Geilo i slutten av oktober 2023. Til stades var f.v. Asbjørn Solvang, Kjell Bitustøyl og Sissel Halvorsen, alle frå BirdLife Telemark, Per Furuseth frå BirdLife Buskerud, Frode Falkenberg BirdLife Hordaland/BirdLife Norge og Anne Sørensen, styreleiar BirdLife Norge. FOTO: BirdLife Norge