Hopp til hovedinnhold

Organisasjonen:

Minneord om Jan Ove Gjershaug (7.5.1952–24.11.2023)

Jan Ove Gjershaug var ørnemannen som frå gutedagane tråla dalføre opp og dalføre ned, fjellside opp og fjellside ned, starta i Sunndalen og nærområda på Nordmøre. Den 6. desember 2023 tok familie og ein talrik flokk av vener og kollegaer farvel med Jan Ove i ei varm og verdig samling rundt båra.

Av Alv Ottar Folkestad

Publisert 03.03.2024

Jan Ove har gått ut av tida. Eitt av Erik Bye sine dikt fangar minnet om denne mannen i eit nøtteskal:


Om å speide etter ørner

Det siste du sa til meg i dette livet,
gamle Apache, var:
“Ser du ørnene?”
Du la hendene på skuldrene mine
og gjentok med gutterøst:
“Ser du dem, ser du ørnene over oss?
Det blir en god dag!”
Og god ble den,
vår siste dag sammen
i Chiricahualandet
og i livet.

I mitt eget land tusler jeg omkring,
ofte alene,
og i min høyre øyenhule,
sier de på Rikshospitalet,
bor det en grå stær.
Hver morgen når den våkner
stikker den hodet ut,
løfter det mot en himmel av jern
og speider.
Speider etter ørner,
alltid etter ørner.

Erik Bye

Ørnemannen som frå gutedagane tråla dalføre opp og dalføre ned, fjellside opp og fjellside ned, starta i Sunndalen og nærområda på Nordmøre. Reiste til Volda for å gå på gymnas og feia over det som fanst av dalar, fjordar og fjellsider der. Hadde auge for alt som levde, smått eller stort, med eller utan fjør, om det var rotfast og hadde blad og skot, eller om det flagra i lufta. Kongeørna var likevel det store, den og jaktfalken – andre rovfuglar og – men kongeørna hadde ei særstilling. Ho vart basis for hovudfagsoppgåve, etter han hadde vorte boden ei oppgåve om røye i ferskvatn. Det fekk ikkje hjelpe, han måtte lytte til sitt eige hjarte og det han hadde grunnlagt frå tenåra. Raskt kom han i mål og stogga ikkje der. Opplevingar i og med natur var føresetnaden for eit godt og innhaldsrikt liv, og forskaren Jan Ove fann sin plass i det regionale forskarmiljøet. Sin følgjesvein på livsvegen fann han i Bergen, Gunn frå Stongfjorden, og med døtrene Svanhild og Ane-Marte vart familien ankeret for tilværet gjennom eit livslaup så fullt av mangfald at knapt nokon andre kan evne å matche det. Arbeid eller fritid, med auge og interesse for alt av liv og samanhengar smelta det saman til oppdagingsferder, utadørs og frå kontinent til kontinent, eller innadørs på gjennomgang av dagbøker, registreringar og fotoarkiv, studier i museale samlingar eller på søk i bøker og publikasjonar frå verdsende til verdsende, og gjennom personlege kontaktar innafor eit særdeles breitt fagspekter. Jan Ove sitt liv var levande og gjennomlevd frå ende til annan. Fagleg utfordrande eller spissfindig, eller om det gjaldt opplevingar i «nuet» og med sans for dei gode poenga. Han fanga det i situasjonen, om det var i fagleg spisskompetanse eller det gjaldt eit godt og humørfylt poeng i sosialt lag.

Fagarbeid førte han til fleirtalet av verdenshjørna. Doktoravhandlinga hans gjaldt tropiske ørneartar – kva anna kunne duge? Ikkje som opphøgd «hvite mann» som visste alt på førehand, men på leit etter dei lokale som kjende områda sine best for å kunne bygge på det dei eller deira forfedre hadde av kunnskap om det som fanst i område «fagfolk» knapt hadde sett sin fot i før. Om det gjaldt dei største ørnene eller mikroskopiske maur. Alle hadde sine historier å fortelje eller oppdage.

I brytinga mellom årstidene på tidleghausten 2022 hadde han ein god månadstur til Equador og Galapagos og kunne fortelje om fantastiske veker med vanvittige mengde av opplevingar, men der han etter å ha landa heime att og i ein engasjert telefonsamtale, likevel drog konklusjonen at han ikkje trudde det ville verte fleire turar av denne typen. Han kjende kapasiteten var oppfylt. Ein månad etter melde han at minnet svikta, for første gong, og at det var teikn som uroa. Det innleidde hans siste år. Eit år framleis med aktivitet, for som han sa: «Eg har fått oppleve langt meir enn dei aller fleste, og eg har hatt eit fantastisk godt liv, så om det skulle gå mot slutten, er eg ikkje redd for å døy. Men framleis er det så mykje å oppleve, og eg vil ha med meg så mykje som råd er.» Og slik vart det. Dagbøkene som alltid hadde vore Jan Ove sitt varemerke, vart fylte, dag for dag, og vart også hans praktiske minnebøker i ein periode som minnet svikta. Såleis vart haustturen september 2023 til Giske og Runde ein av dei aller siste turane i felt for å gjenoppleve natur frå hans ungdomsturar og seinare. Fugletrekk i Makkevika og turar til fuglefjellet på Runde. Det vart ei stadfesting av Erik Bye sitt ørnedikt – «.. og god ble den, vår siste dag sammen i Chiricahualandet og i livet..» - ei symbolstund rundt konsentratet av det rikaste av liv i vår natur – møtet mellom land og hav der sjøfugl er bindeledd. Hauststemning hos havsulene like før avreise etter årets sesong, havørner på mektige venger høgt der oppe, og gjensyn med kvar Jan Ove rappellerte ned og henta forlatne egg etter det merkelege «paret» av ei jaktfalk ho og ei vandrefalk ho som to år på rad la egg og ruga i felles reir. Nokre morgontimar med blankstille sjø og strålande sol som sette Jan Ove sitt farvel med kystnaturen inn i ein heilskap som best kan skildrast i fiskaren Malvin Toft sine tre vers «Ta meg mot havet»:

Ta meg mot havet - min dag går mot kveld,
dit synsranda flammar som perlemorseld.
Vis meg det vakraste atter ein gong,
til vinden, til sjøen og havbåras song.
Ta meg mot havet når natta fell på,
til sjøen den store og tindrande blå.
Ta meg til fred og til kvile frå savn
før kursen vert sett mot den evige havn.

Ta meg mot havet i måneskinsglans,
der småbåra leikar og syng utan stans.
Møt meg ved fjorden når stjernedryss fell
bjart over vidder og snødekte fjell.
Ta meg mot havet til kvil og til fred,
når kveldsbrisen kviskrar og båra syng med.
Ta meg til havet før draumen fell bort,
ta meg mot havet mi tid er så kort.

Ta meg mot havet når solgudens dis
flammar og leikar på eventyrvis.
Møt meg til høgtid ved blankslipte skjer,
pynta til fest under stjernenes hær.
Spel for meg moreldens eldfulle dans,
mollstemte tonar i grønsjøens glans.
Ta meg mot havet som tok og som gav,
lat ankeret falla, her mønstrer eg av.

Den 6. desember 2023 tok familie og ein talrik flokk av vener og kollegaer farvel med Jan Ove i ei varm og verdig samling rundt båra i Hederssalen,Trondheim, der han for siste gong var det fysiske midtpunktet. Minnestunda etterpå med familien si oppsummering av Jan Ove sitt liv i hendingar og handling levandegjorde det vi alle kjende på: Eit ufatteleg tomrom etter ein kjær ven og kollega, men så inderleg fullt av minne og meiningar, liv og opplevingar som måtte delast med andre for å oppnå sin fulle verdi. Takk Jan Ove for den du var og alt du delte med oss andre.

For mange, mange andre:

Alv Ottar

 

 

Jan Ove Gjershaug framfor Branden og sulekolonien
Jan Ove Gjershaug foran Branden og sulekolonien på Runde 17. september 2023. Dette var siste tur Jan Ove hadde til Sunnmøre med Makkevika og Runde.  FOTO: Hallgeir B. Skjelstad
Jan Ove Gjershaug ved Runde
Kursen er sett for Runde hamn, 17. september 2023.  FOTO: Hallgeir B. Skjelstad