Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

NOF Hordaland slår eit slag for vipa

Vipa er ein kjend og kjær fugl som varslar vår og sommar. Diverre er det registrert ein stor tilbakegang i heile landet. Mange stader så mykje som 80 % reduksjon dei siste 15-20 åra. Norsk Ornitologisk Forening i Hordaland har difor sett i gang eit kartleggingsprosjekt i 2015.

Av Lars Ågren, Leder NOF Hordaland

Publisert 04.03.2015

Prosjektet

Røynde fugleobservatørar vil i mars/april oppsøka mogelege hekkeområde for å registrera hekkande viper. Så langt som mogeleg vil ein bruke kikkert og teleskop frå veg for å finna fuglane. Det kan vera aktuelt å be grunneigaren om lov til å gå ut på markene i terreng der ein ikkje har fri sikt frå veg.

Det kan vera aktuelt med fleire vitjingar for å få sikre funn. Når ungane er klekte i april/mai vil ein og prøve å registrere om det har gått bra med klekkinga.

Funna vil bli rapportert inn og det vil bli laga ein midlertidig rapport kvart år. Ved prosjektslutt i 2017 vil det bli laga ein større rapport.

Målet med prosjektet er å få oversikt over vipene sin situasjon i Hordaland (talet og kjerneområde) og undersøka mogelege vernetiltak. Det vil og bli invitert til eit informasjonsmøte.

Tips frå publikum

NOF Hordaland er takksame for tips frå publikum frå dei som finn hekkande fuglar. Vi ynskjer namnet på den som sender tipset, kommunenamn, namnet på staden der vipa hekkar og helst og namnet til grunneigaren.

Rapporter vipeobservasjoner her

Du kan kontakte vipegruppa på e-post vipe@fuglar.no eller ringa eller sende tekstmelding til 40296580.

Kva kan grunneigarane gjere

Vi veit at mange grunneigarar ynskjer å ta vare på desse vakre fuglane. Det er ein del enkle tiltak som kan hjelpe:

  • Merka reiret med ein tynn pinne (ikkje eigna sittestad for skjor og kråke) eit par meter frå reiret, slik at ein ikkje uforvarande kjører over reiret når ein arbeider med jorda.
  • Dekka reiret med ei bøtte eller plast (berre ei kort stund) når ein skal spreia møk.
  • Reir kan flyttast nokre få meter ved å ta ei spade under heile reiret når ein skal pløya eller liknande. Legg det helst tilbake etterpå.
  • Når ein skal slå graset er det bra om ein tek til i midten og arbeider seg utover, slik at ungane få røma unna. Spar helst litt gras i kantane der ungane kan gøyme seg.
Vipe
Vipa er i tilbakegang over store deler av sitt utbreiingsområde, også i Hordaland. I år håpar vi å finne ut kor mange vipar som framleis hekkar i fylket vårt. FOTO: Ingvar Grastveit
Vipe
Fluktspelet hjå vipa er både elegant og imponerande. Vi kryssar fingrane for at arten framleis sett sitt preg på kulturlandskapet i Hordaland. FOTO: Ingvar Grastveit