Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Fuglenes dag på Arboretet og Botanisk hage

Arboretets dag er et stort familiearrangement der vi byr på underholdning fra scenen ved Blondehuset, aktivitetsløype for barna og noen salgsboder. Arrangementet legges til en tid da det er fin blomstring i både Arboretet og Botanisk hage. NOF Bergen lokallag stilte med stand og gratis fuglekasser. I underkant av 1000 besøkende gjorde at det ble en travel dag.

Av Anders Heien

Publisert 30.05.2016

Det vart på alle måtar ein svært vellukka dag på Store Milde i år. Ein strålande sommardag med mange små og store innom standen vår ved Grøneviksmyra i arboretet.  Nytt i år var Ole Edvard som hadde nett oppi skogkanten og  som temmeleg regelmessig, og med ein ny art kvar gong, forsynte nysgjerrige og ivrige ungar nede ved standen vår med fuglar som skulle ringmerkast. Dei fekk også litt fakta om fuglen- levestad, trekk, mat m.m. Det vart både ein løvsongar, munk, bokfink, gjerdesmett, blåmeis, svarttrost og måltrost. Etter måling og veging var det mange små fingrar som kanskje for første gong fekk ”klappe” litt på ein fugl medan foreldre fotograferte.

Teleskopa er alltid kjekke å utforske for dei minste, og denne gongen hadde vi ein ”fastmontert” svarttrost  på passeleg avstand som dei kunne fokusere på!  Det gjekk unna med fuglequiz, brosjyrar, fuglevenn- klistremerke og ikkje minst- 50 fuglekassar som vi delte ut som byggesett.  Vi fire som deltok frå foreininga: Ottar, Lars, Ole Edvard og underteikna hadde nok å henge fingrane i mellom kl 12 og 16, med kanskje 7-800 med smått og stort innom standen.

 

NOF stand på fuglenes dag
Arboretets dag FOTO: Lars Ågren