Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Bergen BirdLife på tur til Herdla

Kvart år i slutten av august skal det helst vere fullt «trøkk» med vadarar på Herdla. Så første haust- eller siste sommartur i BirdLife Bergen lokallag gjekk også i år dit.

Av Anders Heien

Publisert 27.08.2023

Heile 31 tobeinte og ein firbeint deltakar møtte optimistisk opp på Herdla fort laurdag 26.8. Dagen starta med litt hustrete  og vått «haustver», men enda i sol med god sommartemperatur og mange kjekke fugleobservasjonar.. Første inspeksjon føregjekk før kl 8.00 på golfbanen, og der var det godt med linerler og ein del sandlo og brusfugl. På Valen beita flokkar med heilo og brusfugl, nokså likt fordelt med knapt 400 av kvar art. Ca 100 enkeltbekkasin, 30 myrsniper, nokre få polarsniper, viper, tjeld, storspovar, dvergsniper, lappspovar og ein grønnstilk blei og sett. Ei varslande gluttsnipe på veg sør var siste vadar i rekkame kom opp til fortet for loggskriving. 

Det blei og sett andre og sjeldnare artar på turen. Medan  alle var opptekne med vadefugl, var det vår einaste portugisiske deltakar, Estela, som varsla oss om ein egretthegre som trekte austover ved Urdneset, dette til stor anerkjenning frå dei godt eldre og durkdrevne deltakarane. Også ein storlom låg på fint hald utafor Prestvika og blei sett av alle. 

Dag leia den store flokken trygt rundt på Herdla, og som vanleg tok Terje ansvar for tal og artsliste, 49 sto på den denne dagen. 

 

Bli medlem i BirdLife Norge

BirdLife Bergen på tur til Herdla
FOTO: Anders Heien
På utkikk etter egretthegra
FOTO: Anders Heien