Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

BirdLife Bergen på tur til Osterøy

I strålande vårver drog 16 personar frå Øyrane Torg tidleg laurdag morgon 22.4. Med oss på turen var lokal kjentmann Geir Bjørsvik. Han har god oversikt over fuglelokalitetar på øya, og me hadde lagt opp ein tur som kunne gje oss fleire godbitar, f.eks storlom, skogsnipe, diverse spetter, duetrost, ringtrost og trane. I det varme vårveret ville det heller ikkje vere usannsynleg å få sjå ein og annan skruande rovfugl på den fjellrike øya.

Av Anders Heien

Publisert 23.04.2023

I Haus plukka med opp ein kar til, John Olav Myking,  som visste mykje om Osterøy, både landskap og kultur. Frå Haus drog me innom hettemåkekolonien på Votløy. Men berre ein blei sett. Dei smale vegane på Osterøy kan vere utfordrande for ein bilkortesje på fem bilar, men heldigvis klarte me å ta oss fram uten uhell. Ved Mele bru kom me over ein flokk på 23 heilo som hadde ein rast før si vidare ferd til hekkeplass. Men trost var det lite av på dei vide markene, verken ring- eller duetrost blei sett eller høyrt denne gongen. Me kikka etter ender og lom i Borgovatnet og Låstadvatnet. Det vart bl,a, observert fire par smålom. Det er fleire gode vassdrag for vintererle på øya, og me fann dei i elva ned frå Låstadvatnet. Lunsj tok me  ved Vare, og her var ei kongeørn som skrudde opp over fjellmassivet i nordaust eit flott syn. Også  tre havørner utnytta varmlufta her denne dagen. Etter ein god lunsj i sola bar det på humpete vei over til Hakanes i Bruvikdalen med håp om fleire spetter enn den grønnspetta me så langt hadde  fått med oss. Og jammen blei det utteljing her. To kvitryggspetter og flaggspett vart høyrt eller sett her oppe ved Storavatnet. Og på det kraftig neddemte vatnet kom eit storlompar siglande mot oss. Ein kan lure på korleis neddemminga påverkar deira tilgang til gode hekkeplasser. Noko uventa kom også ei skogsnipe flygande over oss og landa i strandkanten, der alle fekk sjå henne godt. Dermed avslutta me ein vellukka tur med mange av målartane våre og totalt 59 artar på blokka.

 

Sivspurv i kikkerten
Sivspurv i kikkerten FOTO: Anders Heien
John Myking fortel om Osterøy
John O. Myking fortel om Osterøy. FOTO: Anders Heien
Hakanes
Hakanes. FOTO: Anders Heien
Lunsj på Vare
Lunsj på Vare. FOTO: Anders Heien