Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Høstekskursjon til Fedje

Oktoberturen til BirdLife Bergen lokallag gjekk i år til Fedje. Det hadde vore heftig austavind i fleire dagar med stormkast til fjells, så vi var spente på korleis forholda var der ute.

Av Anders Heien

Publisert 23.10.2023

Heldigvis var det betre enn frykta, men vind er likevel lite gunstig for å kunne finne t.d. ein hauksanger i hagane der ute. Noko vi nok håpte på, men ikkje lukkast med. Mild haustsol og enkelte lune område gjorde likevel  turen triveleg for dei 14 som hadde meldt seg på, sjølv om det ikkje blei «bomber» denne gongen. Flokkar med sidensvans er alltid kjekt å høyre eller sjå. Ei sein låvesvale følgde oss der vi rusla rundt, mest på sentrale deler av øya.  Ein kjernebitar blei også sett. Nokre fekk og med seg ei bergand som trekte forbi saman med svartender. Jørn Opsal var turleiar denne gongen og Terje Hansen noterte 44 artar i boka si.  

Fedje
Ein fornøgd gjeng på Fedje. FOTO: Anders Heien