Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

BirdLife Bergen på besøk i Samnanger

Samnanger er ein kommune som ikkje får så mange besøk av fuglefolk frå Bergenskanten. I strålande vårver drog 15 personar av garde med Toril Midtun som guide klokka 8 frå Nesttun.

Av Anders Heien

Publisert 30.04.2022

Første stopp var Bjørkheim og sjekk av fjorden der. Deretter gjekk me innover mot Nordvik, eller «Samnanger in a nut shell», som Toril kalla det. Fint ver og sol er ikkje nødvendigvis gunstig for oss som leitar etter fugl, noko me nok erfarte denne gongen og. Kjernebiter var det mest spennande som viste seg her.

Ved Frølandsvatnet fekk alle ein stilstudie av ei kongeørn som skrudde til himmels i godveret. Ein flott observasjon å få med seg. Det dukka opp endå ei kongeørn og ei havørn seinare på turen.

Til sist drog me innover mot Kvitingen med diverse lyttestopp etter spetter. Men det var sparsomt med spetter denne gongen, kun ei flaggspett vart høyrt på Langeland på heimveg over til Haga. For mange vart lyden av låvesvale, løvsanger og trepiplerke årets første, og det er alltid ei fin oppleving. Samnanger er i alle fall verdt fleire turar. Det er mange spennande lokalitetar i kommunen. Denne gongen vart 40 artar notert.

Samnanger
Ein stopp på veg inn mot Kvitingen. FOTO: Anders Heien
Samnanger
Fornøgd gjeng etter lunsjstopp på Totræna, med både løvsanger, trepiplerke og to ørneartar på lista. FOTO: Anders Heien