Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Skådetur til Geitingneset med BirdLife Bergen

Maituren ligg fast på ekskursjonsprogrammet til BirdLife Bergen - då er skåding frå Geitingneset utafor Herdlevær bankers. Slik også i år, med ganske gode forventningar til eit bra trekk av diverse lom og joer denne laurdagen 7. mai.

Av Anders Heien

Publisert 11.05.2022

For etter nokre dagar med sørlege vindar og regn, snudde det til nordvestleg frisk bris, sol og god sikt. Frå kl 7 var 14 personar klare med teleskop og kikkert frå hyllene ved den spektakulære «nordveggen» Og forventningane blei innfridde litt etter litt. Ikkje det store volumet av fugl denne dagen, men det er alltid det som gjer skåding så spennande, det dukkar «alltid» opp noko spennande med litt tolmod.

Så etter litt venting kom gulnebblom (3 stk), og endå litt seinare dagens scoop: tre polarjo trekte nordover ca kl 11. Heile 14 tyvjo trekte forbi, og ein storjo kom kjapt på oss, landa på sjøen før han letta og drog vidare nordover. Den mest talrike arten var som vanleg smålom, men ikkje det store trekket, 267 i løpet av fire timar er sånn midt på treet. Heller ikkje alkefugl var det overvettes mange av, men både lomvi, alke og lunde blei bestemt. Elles var ein steinvender, ein flokk på 11 polarsniper og fem småspovar kjekt å få med seg. Ei terne passerte så nært at ein kunne bestemme ho til rødnebbterne, mens krykkjene(87) som vanleg passerte lenger ute. Det blei ei god artsliste til slutt, med ca 30 artar, ført trygt i pennen av turleiar Terje Hansen.

Bli med på tur med lokallaget du også! Du finner lenke til vår aktivitetskalender nedenfor, og er hjertelig velkommen til å delta på våre turer og foredragskvelder.

Aktivitetskalender

Geitingsneset
I ly av nordavinden og det finns neppe flottare skådeplass! FOTO: Anders Heien
Geitingsneset
Skådarar ser nesten litt skumle ut sett frå ein russisk ubåt... FOTO: Anders Heien