Hopp til hovedinnhold

BirdLife Hordaland

Bergen lokallag på tur til Bømlo

Bømlo er ikkje ein destinasjon Bergen lokallag har reist ofte til, sjølv om enkelte lokalitetar her er med i konkurransen om å vera best i fylket når det gjeld tal på ulike artar gjennom eit år. At det blir sjeldne turar kan kanskje skuldast lang reiseveg, og at ein mister dei fugleaktive morgontimane når ein skal på ein dagstur hit.

Publisert 30.09.2022

Denne gongen tok me ferge kl 7.20 frå Halhjem og var framme på Hiskjo 9.20. I alt blei me 19 personar, nokre var installerte i bobilar på Hiskjo allereie, og nokre bømlingar, ikkje minst vår kjentmann Espen B Hollund, som guida oss gjennom tre gode fuglelokalitetar. Hiskjo er eit stort og flott kystlyngheiområde som var bada i sol og nesten ingen vind denne haustmorgonen. Ikkje ideelt «fuglever», men det dukka opp fleire små stillitsflokkar, vintererle, berg- og tornirisk, sivspurv, nokre fotogene toppmeiser, nøtteskriker, pilfink og eit litt uvanleg funn av ein svart-kvit flugesnappar for å nemne nokre.

Tre svartstrupar, som jo hekkar i området, dukka opp  på neste lokalitet- Melkevika.  Der var det mykje fugl, sandlo, tundralo og ein heilo kom og på lista. Så tråla me området på Meling for om muleg finne att turteldua som var sett der tidlegare i veka. Den var ikkje å finne denne dagen. I alt 42 artar kom på lista til turleiar Terje Hansen, og for fleire av oss var dette ukjente fugleområde me fekk lyst å besøke oftare.

 

Bergen lokallag på tur til Bømlo
FOTO: Anders Heien
Bømlo
FOTO: Anders Heien
Bømlo
FOTO: Anders Heien
Bømlo
FOTO: Anders Heien