Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Fuglehelg på Værlandet og Bulandet

Velkommen til fuglehelg i Norges Vestligste samfunn. Her er mulighet for spennende observasjoner av fugl og sosialt samvær med fugleinteresserte .

Av Anders Braanaas

Publisert 06.09.2013

NOF Sogn og Fjordane arrangerer tur til Værlandet helga 4-6. Oktober 2013. Tidspunktet ligger midt i tida for den såkalla "bombeveka" og ein kan rekne med at mykje uvanlige og til dels sjeldne arter passerer Værlandet og Bulandet denne tida på hausten. Vi vil ha fellesutflukter kvar dag denne helga, i tillegg er det enkelt å ta seg fram på eiga hand i øygruppa. Avhengig av vêr og vind vert det utflukt til Sandøy ytst i Bulandet laurdag/sundag morgon. Fleire dyktige ornitologar frå aust og sør i landet vitjar øyane i haustferieveka, så her vert det god muligheit for å lære og sjå på fugl med røynde folk. Det er fleire alternative overnattingssteder både i Værlandet og i Bulandet. Vi har holdt av ein del rom i Værlandet Gjsteheim tel: 95778071, men vêr rask å tinge rom. Sjå ellers informasjon om reise og overnatting mm på www.vaerlandet-bulandet.no eller på www.norsksjofuglsenter.no Ta gjerne kontakt med Anders Braanaas om det er spørsmål om reise , overnatting , fugl på Værlandet eller anna. Jan Ove Sagerøy har sett opp ei liste over kva ein kan forvente eller håpe på å sjå desse dagane. Spesielle fugler for Værlandet/Bulandet sett i perioden tidleg i oktober siste 3 år Noken spesielle arter sett kvar gang siste 3 år i denne perioden: Tartarpiplerke Gullbrynsanger Skogdue Smålom Islom Havelle Havsule Havørn Vandrefalk Alkekonge Alke Lovmi Krykkje Hvitkinngås Lappspurv Møller Sjeldne arter sett i 2012 i den perioden: Dvergfluesnapper Busksanger Turteltdue Polarlomvi Sibirpiplerke Gråstrupedykker Gullnebblom Vannrikse Sjeldne arter sett i 2011 i den perioden: Polarsvømmesnipe Sibirpiplerke svartrødstjert Grålire Dvergspurv Varsler Kvartbekkasin Gråstrupedykker Tundralo Sjeldne arter sett i 2010 i den perioden: Skogsnipe Svartstrupe Hauksanger Dobbeltbekkasin Duetrost Blåstjert Dvergspurv Dvergmåke Horndykker Tundralo Polarsvømmesnipe
Toppskarv
Toppskarven er ein karakterfugl på Værlandet og Bulandet. FOTO: Geir Olsen, Værlandet