Hopp til hovedinnhold

BirdLife Sogn og Fjordane

Trekkfugler ankomst i Sogn og Fjordane

Kvar einaste vår, når sola stig på himmelen og den tyngste vinterdepresjonen har sleppt taket, er det når dei første trekkfuglene kjem heim at ein verkeleg kan kjenne på at livet tek til på ny.

Av Anders Braanaas

Publisert 23.03.2023

Ytre strok av Sogn og Fjordane, med det store havet som næraste nabo  er vinteren så mild at nokre fuglar som til vanleg reiser til sørlegare område kan overvintre, - både grågås, tjeld og storspove er døme på slike , men også av spurvefugl som bokfink, svarttrost, munk  og raudstrupe er det nokre som kvart år vel å bli verande i gamlelandet.

På kysten av Sogn og Fjordane er det så mange overvintrande fuglesjeler at det jamvel kan vere vanskeleg å slå fast nøyaktig når dei første langveisfarande kjem attende.

Det er på kysten at dei første trekkfuglene vanlegvis syner seg. Dette er vel naturleg då mange av dei tidlege artene kjem lenge før snøen er gått lenger inn i landet. Det er også slik at mange trekkfugler følger kystlinja under trekket,  sjøl om dette  gjerne er meir utprega under det meir langdryge hausttrekket. Under vårttrekket vil dei fleste arter ha meir hastverk  tilbake  til hekkeplassene for å nytte den korte nordiske sommaren. 

Individ og flokker som er tidleg ute kan gjerne slå seg ned for ein periode på gunstige lokaliteter med god mattilgang. I Askvoll og i Vik kommuner som trekkdata i denne samanlikninga er henta frå er det attraktive venteplassar for trekkande fugl.

 

Askvoll kommune med øyane I Bulandet og Værlandet heilt i vest er representant for kysten, medan  Vik kommune med Vangsnes som ein oase og ein barriere midt i Sognefjorden representerer indre strøk av Vestlandet. Dei to kommunane er valde avdi  vi har relativt systematiske observasjonsdata frå desse plassane frå dei siste 10 åra. Observasjonene er tufta på få observatørar, slik at ein heil del fugl nok har gått under radaren. 

Tabellen og grafen under gir likevel eit godt bilete av utvalde arters ankomstdato og  korleis skilnadene er når et gjeld ankomst av trekkfuglene i vårt område, då med tydelig skilnad mellom ytre og indre strøk.

Det er verd å merke seg korleis dei tidlege artene kjem  gjerne eit par veker tidlegare på kysten, medan det for dei seine artene er mindre eller ingen skilnad i det heile. Ei årsak her kan vere at snøen enno ligg i indre strøk i februar og mars. For dei seine artene kan det vere at dei har eit endå meir direkte vårtrekk  for å utnytte den korte sommaren maksimalt. 

 

Alle ankomstdata er henta frå artsobservasjoner.no og registreringar er i stor grad gjort av Jan Ove Sagerøy i Vik og Anders Braanaas i Askvoll.

 

Tjeld
Tjelden er ein tidlig og velkommen gjest. Dei første store flokkane kjem til kysten av Sogn og Fjordane dei siste dagane i februar FOTO: Anders Braanaas
Svartryggerle
Linerla kjem i ytre strøk frå midten til slutten av mars. Det er vanlegvis individ av svartryggerle som dukker opp først. FOTO: Anders Braanaas
Trekkfuglers ankomst i Askvoll og Vik kommune
Tabellen syner medel ankomstdato for nokre utvalde arter i Ytre og Indre strøk av Sogn og Fjordane. FOTO: Anders Braanaas
Graf medel ankomstdato
Grafen syner at dei tidlige artene kjem ein god del tidlegare på kysten enn lenger inn i landet, medan det for dei seinare artene er liten skilnad. FOTO: Anders Braanaas